Debatt
Kunnskap i ei krisetid
Eg trur faktisk at den store utfordringa i krisa framover er behova for grunn-, etter- og vidareutdanning av godt vaksen ungdom i alle aldrar! Vi må sette nytt fokus på livslang læring.
«Kunnskap i ei krisetid» var tittelen til eit seminar som Kunnskapsdepartementet held 21. januar og som minte oss om kva som skjedde under krisa på 90-talet. På kort tid dobla studenttalet ved universiteta, og høgskulane kom etter.
Den store auken kom ved dei «rimelege» studia som statsvitskap ved at ein «satte inn fleire stolar» i forelesings- og lesesalane. Fleire unge studerte og unge som før hadde teke «kvileår» i arbeid før studium, mista høvet til dette og byrja å studere i staden.
Det som ikkje blei lagt særleg vekt på i seminaret, var at krisa også førte til om lag flyttebalanse mellom periferi og sentrum, at mange unge frå utkantane faktisk kom tilbake etter utdanning i storbyen. Ikkje nok med at dette førte til eit nasjonalt løft, men også høgskulane i distrikta hadde god auke i studenttal og spesielt innan profesjonsutdanningane som velferdsstaten er så avhengige av, som lærar, sjukepleiar, sosialarbeidarar, ingeniørar. I til dømes Volda auka studenttalet med meir enn 50 prosent i løpet av 1990-talet og spesielt innan profesjonsutdanningar, der vi rekrutterer stordelen av studentar frå regionen og til arbeid i regionen.
Vil noko tilsvarande skje i denne krisa? Gudane må vite at vi i distrikta treng det! Når sjølv Volda kommune slit med å rekruttere lærarar, er det noko fundamentalt gale med både rekruttering til utdanninga og til omdømmet til grunnskulen.
I lengre tid har vi sett at søkinga til velferdskommunen sine profesjonsutdanningar har gått ned og spesielt innan lærarutdanning. Nedgangen til fulltidsstudium tilrettelagt for unge studentar har spesielt vore stor ved høgskulane i distrikta, men og i sentrale strøk. Resultatet er at vi nasjonalt og spesielt i distrikta tilsynelatande har stor ledig kapasitet. Samtidig «skrik» kommunane kring oss etter lærarar og andre profesjonelle.
Eg er imponert over den store kreativiteten til høgskulane i distrikta i deira svar på desse utfordringane. I løpet av kort tid har det vokse fram eit breitt tilbod av deltidsutdanningar med samlingar, med nettstudium m.m. spesielt retta mot «bufaste» i bygd og by, tilrettelagt for vaksne i alle aldrar og ofte i tett samarbeid med kommunane. Studieplassar er overført frå heiltidsstudium til slike «skreddarsydde utdanningsløp», sjølv om mange av dei er dyrare å drive enn «campusstudium». Årsakene til desse endringane er mellom anna at høgskulane ser behova i samfunna kring seg, men og at dei er avhengig av denne omstillinga for å overleve. Kommunane på si side bidreg med jobbgaranti, tilsetjing i delte stillingar tilrettelagt i forhold til utdanninga m.m.
Tilbake til krisa, vil den no også føre til auka tilstrømming til universitet og høgskular? Truleg er krisa no både meir djuptgåande og vil vare lenger enn den førre.
Men på den andre sida er det også skjedd store endringar i samfunnet. Delen av årskull som studerer er høgare, spesielt mellom jenter. Noko auka tilstrøyming av unge studentar vil nok kome, men om vi ikkje greier å mobilisere dei unge gutane til meir utdanning, trur eg at effekten blir avgrensa. Om vi skal nå dei skuletrøtte unge gutane og jentene, må vi ved høgskulane utvikle nye typar utdanningar der vi kombinerer utdanning og arbeid på heilt nye måtar. Faktisk har vi sett aukande tilstrømming av unge til deltidsutdanningar som førskulelærarutdanning spesielt tilrettelagt for assistentar. Kombinasjonen av arbeid med lønn, studium i samlingar og på nett fristar desse unge samanlikna med ordinære studium.
Eg trur faktisk at den store utfordringa i krisa framover er behova for grunn-, etter- og vidareutdanning av godt vaksen ungdom i alle aldrar! Vi må sette nytt fokus på livslang læring. Alt no er gjennomsnittsalderen til studentane ved nokre av høgskulane i distrikta over 30 år på grunn av mange vaksne deltidsstudentar! Eg trur at krisa vil auke behovet for og også motiveremange som har mista arbeid eller er i ein usikker arbeidssituasjon, til å søke utdanning om vi legg til rette for det. Dette kan vere eit unikt høve for kommunane og spesielt distriktskommunane til å kunne utdanne eigne innbyggjarar til å fylle viktige arbeidsoppgåver i notid og framtid. Og her er erfaringane og kunnskapane til høgskulane i distrikta i lag med samarbeidande kommunar av uvurderleg verdi.
Men vil dette kunne løyse krisa i skulen? Då er eg i langt større tvil. Ut frå aldersstruktur og gjennomstrøyming treng vi i Møre og Romsdal årleg snart 500 nye lærarar og lektorar til skuleverket, ved Høgskulen i Volda utdannar vi 100. Ikkje fordi vi ikkje har kapasitet til fleire, men fordi så få ønskjer ei slik utdanning samanlikna med til dømes journalistikk!
No skal vi få nye studieopplegg med deling mellom småskule og ungdomsskule, men hjelp det om ungdom og vaksne ikkje er motivert til arbeid i skulen trass krise? Uansett vil det gå mest ein generasjon frå eit studieopplegg blir endra til at det vil kunne få effektar i skulen, og innan den tid er sikkert studieplanane endra nokre gongar til. Om det er krise i ein organisasjon og til omdømmet til den, bør ein då ikkje gjere noko med dette?