Debatt
Krise: «Pengestellet raknar!»
Økonomar kan visst ikkje forklåre kva som er nytt i det som skjer i pengemarknaden no. Men det er likevel vesentlege skilnader frå tidlegare økonomiske nedgangstider, og det spørst om ikkje denne krisa vil leggje etter seg omfattande fylgjer. Fråstanden mellom rike og fattige kan ikkje anna enn vokse; nokre tener på krisa, andre taper.
«Pengestellet raknar!» var ein tittel den vidgjetne redaktøren Per Håland nytta i den no for lengst nedlagde avisa Gula Tidend i Bergen, ein gong på 70-talet. Og slik er det igjen: Førestellinga om at pengar avlar pengar og at velstanden aukar berre finansfyrstane får stelle med sitt, har fått seg eit skot for baugen, sjølv om tenkjemåten ikkje har lide skipbrot.
Eit system for kortsiktig likviditet har brote saman. I USA har bankane særskilde låneinstitusjonar som er sette opp for å gje kortsiktige lån. Opphavleg var det positivt for vanlege folk, som slik kunne skaffe seg hus, men for finansieringsinstitusjonane var det attraktivt at nokre av desse ordningane hadde høg rente. Særleg for sjefane, som slik kunne hente ut bonusar som gav dei årsløner dei eigenleg burde ha levd lenger enn Metusalem for å fortene.
Problemet er det same som i Terra-skandalen. Ein har bunta saman ulike finansielle produkt, nokre aktørar fann det interessant å setje saman store pakkar av lån med høg rente og andre finansieringsmåtar, og desse pakkane inneheldt så mange rare element at ingen kunne ha oversikta, og slett ikkje kunne ein lage noka konsekvensanalyse eller kalkyle av utbyttet, det vart rein gissing.
Men sidan dette ofte kunne innebere slike merkelege tilhøve som at ei eventuell forteneste kanskje ikkje kunne melde seg før ein hadde site med verdipapir i mangfaldige år, kanskje tiår, utvikla det seg ein «nytale», eit heilt ubegripeleg språk - med merkverdige omgrep og uttrykksmåtar som ingen kan finne i noka vanleg lærebok i økonomi.
Meklarane skjulte innebyrden av produkta sine for kundane, men kanskje til og med for seg sjølve, det var om å gjere å vere med på galoppen. Slik er ein moderne mystikk oppstått, korkje kjøpar eller seljar kunne gjere anna enn å gje seg over i religiøs tru på det gedigne eventyret at utan reelle verdiar kunne ein låne seg til store fortenester.
Historikaren Ola Honningdal Grytten, som ikkje er økonom, men likevel professor på Norges Handelshøgskole, har lenge peika på at dette måtte gå gale. Ingen fagøkonomar klarde å åtvare mot utviklinga, tvert om køyrde finansøkonomane spiralen opp - det starta hjå oss alt då DnB NOR fekk høve til å bryte lova med å gje større lån enn fastsette rammer, då Kjell Inge Røkke kjøpte opp Aker. At DnB Nor, som jo har kjøpt Postbanken, no kan vere i vanskar, er det visst mange med innsyn som ikkje er så forundra over.
Økonomisk retorikk har erstatta politikken og overlate den til økonomiske aktørar som altså knapt har hatt oversynet over kva dei snakkar om når dei snakkar om produktinnovasjon. Alle - frå økonomiprofessorar, endringsleiingsekspertar, journalistar, politikarar - har gått inn i eit stort spel, der det ikkje er mogleg å seie at å snakke om «marknadssvikt», det er noko vrøvl.
Alt skjer som om marknaden oppstår i fyrste kapitlet av 1. Mosebok og er udiskutabel og heilag. Når ein slik tek marknadsmekanismane ut or rasjonell debatt, kan ein skjule at nasjonalstaten er i økonomisk oppløysing. Finansminister Halvorsen kan nok ha rett i at vi har gode sikringsordningar i Noreg, men immune er vi ikkje. Når ein har avskaffa den tradisjonelle motviljen mot å late bankane ta opp lån i utlandet, har det etter kvart utvikla seg eit system der diskontorenta til Norges Bank har langt mindre å seie enn pengemarknadsrenta, og då har ein inga strikt nasjonal styring. Då er trua på fastsetjing av renta nasjonalt, eit tilnærma religiøst fenomen.
Den økonomiske og uforståelege nytalen har ført til «smitte» i sjølve grunnforståinga av koss samfunnet fungerer. I synet på liv og død gjev det ei reint pervers forståing av offentlege tenester. Vanleg fagleg anerkjenning som premiering god nok for dei fremste fagfolka ved sjukehusa, er avskaffa, bonussystemet er kome i staden. Dei som kan «designe» effektive arbeidsformer som gjev innsparingsmåtar,får dette igjen som personlege bonusar. «Meir helse for kvar krone», betyr meir pengar på konto for overlækjaren. Slik òg ved universiteta. Ikkje resultata av arbeidet, men måten dei blir publiserte på, i dei rette kanalane, tel for å få ut pengar frå staten. Slik er djupe tryggingsordningar for samfunnet, såleis medisinsk kunnskap som har vore kalla «det største godet for menneskeslekta», og den kritisk vurderande evna forskarane skal stille opp med i alle slag samanhengar, no alt saman filtrert gjennom pengevurderingar, alltid blir dermed spørsmålet kva som lønner seg økonomisk for dei som får utbytte, aldri kva som er rett å gjere, og kva som er nye innsikter.
Stortinget, fylkestinga og kommunestyra må bestemme seg for å avvise vrøvlet frå visse av økonomane, og lage politikk ut frå kva dei meiner er rett og klokt, ikkje ut frå utbyttet for enkeltpersonar.