Debatt

Korleis stimulere til regional innovasjon?

Innovasjonar er generelt prega av usikkerheit. Slike kan derfor vere vanskelege å styre. Forskingsrådprogrammet VRI (Virkemiddel for regional innovasjon) prøver likevel å gjere det. Dette har vist seg å by på utfordringar.

Ideen om regionale innovasjonssystem (RIS) spelar ei viktig rolle i diskusjonen om offentlege virkemiddel for innovasjon. RIS byggjer på to føresetnader: For det første at innovasjonar er resultat av eit samspel i eit funksjonsdelt system som kan omfatte bedrifter, finansinstitusjonar, styresmakter og kunnskapsinstitusjonar. For det andre at samspelet er geografisk avgrensa, der det regionale nivået er viktig, og der nærleik mellom aktørar blir sett på som avgjerande.

Samtidig lir eksisterande regionale innovasjonssystem ofte av manglar. Det nasjonale forskingsrådprogrammet VRI (Virkemiddel for regional innovasjon) forsøker å rette på slike manglar. Siktemålet med VRI er først og fremst å rette opp det som blir opplevd som eit svakt samspel mellom regionale forskingsmiljø og næringsliv.

VRI, som blei sett i verk i 2007, har fungert som ein prøveklut for å gje regionale aktørar ei meir sentral rolle i innovasjonspolitikken. Fire forskingsmiljø – Møreforsking, Vestlandsforsking, SNF og IRIS – har samarbeidd om å analysere iverksetjinga av VRI i dei fire vestlandsfylka. Programmet har generelt hatt problem med å finne sin plass i innleiande fasar. Fire forhold har vore spesielt utfordrande.

VRI starta ut med store ambisjonar om regional kontroll. Men dei sentrale retningslinjene for programmet la sterke føringar på korleis dei regionale initiativa skulle utformast. Dette har skapt eit virkemiddel som ikkje alltid er like godt tilpassa røyndommen i dei ulike fylka.

Manglande finansiell ryggrad har dessutan verka til at programmet ikkje har fått den dominerande rolle som det var tiltenkt. Like mykje har manglande regionale prioriteringar generelt skapt eit profilsvakt program som slit med å kome til syne. Trass dette har VRI gitt fylkeskommunen ei meir aktiv rolle i innovasjonspolitikken i alle vestlandsfylka.

VRI sette ut med ambisjonar om å bli det nye samordnande virkemiddelet for regional innovasjon. Realiteten blei noko meir smålåten. VRI måtte finne seg ein plass blant mange innovasjonsvirkemiddel, som ARENA og NCE, som òg skal bidra til auka samhandling om innovasjon og meir bruk av forsking i næringslivet. At det kom til nok ein aktør, skapte både forvirring og frustrasjon. Rett nok har VRI etter kvart funne fram til fungerande samarbeid med andre, men utan at VRI har fått ein dominerande posisjon i noko vestlandsfylke.

Til no har VRI slitt med å skape den heilt store samhandlinga mellom næring og forsking. Grunnen er dels at ikkje alle fylka har forskingsmiljø som dekkjer dei prioriterte satsingane i VRI. Men det er òg eit resultat av at forskingsmiljøa generelt ikkje interesserer seg nemneverdig for å utføre aktuelle VRI-oppdrag. Slike gjev lita utteljing i form av akademisk meritterande publisering. Universiteta i Bergen og Stavanger har såleis vist lita interesse for i VRI.

Det er likevel variasjonar i dette biletet. I Møre og Romsdal har ein peika ut satsingsområde som i utgangspunktet hadde ei skjeringsflate mellom FoU og næringslivet i fylket. Dette gjev ei god samhandling.

I tråd med programplanen frå Forskingsrådet har regionane etablert ein organisatorisk modell med ein regional partnarskap som styringsgruppe, prosjektleiar og temaleiarar. Dette er ein komplisert organisasjonsmodell som involverer eit stort tal institusjonar og aktørar. Koordinering er vanskeleg. Derfor kan etablerte lokale nettverk i stor grad bruke VRI for eigne formål utan særleg omsyn til dei overordna måla til programmet. Trenden viser likevel ei gradvis betre samordning.

VRI-prosjektet kanikkje aleine bidra til utvikling av regional innovasjon og regionale innovasjonssystem. Gjennom å leggje til rette for samhandling og utvikling kan VRI likevel gje eit viktig bidrag i ei større samordna satsing for økt regional innovasjon. Målet for dei regionale prosjekta må vere å danne grobotn for utvikling av regionale innovasjonssystem i eit langsiktig perspektiv, ikkje å generere spesifikke resultat på kort sikt.

For å få til dette, har VRI-programmet i oppstartfasen vore prega av for detaljerte og standardiserte instruksjonar for korleis dei regionale prosjekta skal gjennomførast. Dette hindrar skreddarsaum i regionane, sjølv om dette ikkje har vore intensjonen. VRI-programmet bør derfor i større grad erkjenne at det er forskjellige føresetnader i regionane og at regionale aktørar dessutan har avgrensa erfaring med å leggje til rette for og drifte omfattande regionale innovasjonsinitiativ. Ein må derfor ta tida til hjelp for å få på plass velfungerande regionale prosjekt. 

Powered by Labrador CMS