Debatt

Konjakk nei takk - vin ja takk

Det går ei etikkbølgje over landet, noko som heller ikkje har gått oss i revisjonsmiljøet hus forbi. Etiske retningslinjer blir reviderte, og kontrollorgana følgjer opp.

Sist det slo ei etikkbølgje over kommunesektoren var midt på 90-talet, i kjølvatnet av korrupsjonssakene i Oslo-området. På nytt har etikk fått mykje merksemd, også denne gangen med korrupsjon som bakteppe.

Dette innlegget rettar merksemda mot etikkarbeidet i kommunane og stiller spørsmål om detaljerte instruksar for mottaking av gåver og utfylling av reiserekningar m.m. er garanti for høg etisk standard.

Innspelet er basert på forvaltningsrevisjon av arbeidet med etikk i tre kommunar i Midt-Norge. Resultata frå desse forvaltningsrevisjonane kan oppsummerast i tre punkt:

1) Tilsette har jamt over lite kjennskap til at det finns etiske retningslinjer i kommunen, eller særskilte etiske retningslinjer for deira verksemd,

2) diskusjonar rundt etikk og etiske dilemma er så og seie fråverande i dei ulike verksemdene i kommunen, og

3) høg etisk standard blir ofte forstått som «ja takk til vin, nei takk til konjakk».

Dei to første punkta heng saman med kvarandre. Utarbeiding av etiske retningslinjer er stort sett skrivebordsarbeid utført av ein sakshandsamar og vedtatt av kommunestyret. Det er då ikkje anna å vente enn at tilsette sin kjennskap og eigarskap til retningslinjene er liten.

Dette er dessverre i ferd med å gjenta seg, når kommunane no er i ferd med revidere retningslinjene. Våre forvaltningsrevisjonar har vist at ingen av kommunane hadde planar om å setje i gang ein prosess i organisasjonen rundt dette arbeidet.

Dette er så fall i strid med det KS tilrår i sin rettleiar. Her blir det tilrådd at tilsette, leiarar og politikarar konkret skal ta tak i kva slags etiske dilemma og problemstillingar som vedkjem dei i deira kvardag i kommunen. God etisk åtferd kan ikkje vedtakast av eit kommunestyre, men er resultat av kontinuerleg open refleksjon om dilemma ein står overfor i kommunekvardagen.

Det tredje punktet seier noko om at forståinga av etikkomgrepet er snever, og innhaldet i dei etiske retningslinjene like så.

I intervju kom det fram at fleire såg på innhaldet i dei etiske retningslinjer som irrelevant for kvardagen i deira verksemd. Val og avgjerder mange leiarar og tilsette dagleg står overfor, rører ved heilt andre etikkområder enn det som kommunen sine etiske retningslinjer tek opp.

Oppgåvene i ein kommune omfattar mange etikkområder. Fleirtalet arbeider med mennesker; ungar, eldre, menneske med psykiske eller fysiske funksjonshemmingar osv. Svært ofte er dette mennesker som er sårbare og utsette for utnytting eller andre nedsetjande handlingar.

Eit anna døme er kommunane som viktige natur- og miljøforvaltarar. I dag framstår fysiske inngrep og endra arealbruk som den viktigaste negative påvirkinga av det biologiske mangfaldet. Summen av mange små inngrep, som kvar for seg synest uvesentlege, kan få betydelege følgjer for økosystema. Kommunen si forvalting av natur og miljø for nolevande og framtidige generasjonar grip direkte inn i etiske verdivurderingar. Dette er tema som er heilt fråverande i dei etiske retningslinjene.

I revisjonsmiljøet er vi opptatt av rutiner og kontroll. I dei siste par åra har det ikkje vore ein konferanse utan at etikk og varsling har vore tema. Ikkje så uventa i eit revisjonsmiljø, kanskje, men perspektivet der har gjerne vore korleis vi skal få full kontroll over korrupsjon og økonomisk utruskap.

Mitt spørsmål er: Har kommunen eit godt etisk fundament dersom den har etablert vasstette system, der alle kontrollerer alle, der risikoen for at nokon gjer noko ulovleg er bortimot null?

Kommuneleiinga må ha tillit til at dei tilsette sjølv er medvitne om å seie i frå og drøfte med andre der ein er i tvil om kva som er rett handling eller avgjerd. Å legge til rette for refleksjon i organisasjonen om slike situasjonar, bør vere første steg iarbeidet med etikk i kommunen.

Kontrollorgana har ein viktig rolle når det gjeld å ta den etiske temperaturen i kommunane. Nyvalde kontrollutval handsamar i desse dagar planar for forvaltningsrevisjon, og etikk er heilt sikkert eit av temaene mange stader.

Mi oppmoding er ikkje å la det bli avgrensa til identifisering av brot på rutiner og reglar, men sjå på om det er lagt til rette for gode prosessar i heile organisasjonen for å drøfte etiske dilemmaer i kommunekvardagen.

Powered by Labrador CMS