Debatt
Kommunar som bryr seg like mykje som IKEA..?
– Å vere ein god ordførar er ikkje å drive politikk etter boka, men å bry seg om alt som er viktig for folk og bedrifter i kommunen, sa ein klok ordførar. Er det slik folk flest opplever sin kommune? IKEA bryr seg. Har kommunane noko å lære av dei?
Det er store forskjellar mellom dei 430 kommunane våre. Dei er store og små, dei er raudgrøne eller blå, dei er fattige og rike.
Men forskjellane er kanskje aller størst på dette punktet: Om dei verkeleg bryr seg, om dei viser det – og om dei praktiserer det. Og det hjelper lite at berre ordføraren bryr seg. Det er ikkje ordføraren folk og bedrifter møter. Dei møter læraren, kulturkonsulenten, byggesaksbehandlaren, sosionomen, førskulelæraren, hjelpepleiaren, kontorassistenten på servicetorget – og mange fleire kundebehandlarar.
Det hjelper heller ikkje at sjefane bryr seg – om ikkje deira holdningar blir ført vidare nedover i systemet. Det er heller sjeldan at kundane er så heldige – eller uheldige – å møte sjefen.
Eg er så heldig at eg av og til får hente barnebarna mine i barnehage eller skulefritidsordninga. Slik har eg fått oppleve møte med fleire kommunale institusjonar. Alle desse har som oppgåve å bry seg om Lisa, Synne og Iver. Og det gjer dei! Men sjølv om det er same kommune, er forskjellane er store. Svært store. Kvifor er det slik? Er det på grunn av barnehagestyrarane, rektorane, kommunaldirektørane, politikarane, byrådet, ordføraren? Eller er det fordi ein manglar ein klar politikk og oppskrifter på korleis ein skal bry seg om kundane sine? For ordens skuld – det er ikkje eg som er kunden i desse tilfella – det er barnebarna.
IKEA bryr seg. Og dei har klare retningsliner for kva dette inneber. Eg anar ikkje kva som står i desse retningslinene, men eg opplever dei i mitt møte med alle som jobbar der. Eg opplever å bli sett, bli tatt på alvor, få hjelp – og endåtil bli tatt vel imot når eg kjem og klagar på skruar som manglar og skuffer som ikkje passar i kommoden. (Rett nok kjem alt i flate pakker – men det er vel det same prinsippet som når ein prøver å sikre at eldre kan bu heime og klare seg sjølv lengst muleg.)
Mange kommunar i Sogn og Fjordane veit at dei må kjempe for å holde folketalet oppe. Nokre av dei har forstått at dette handlar om å vise at dei bryr seg om både barn, ungdom og eldre. Det dreier seg ikkje alltid om talet på barnehagar, ungdomsklubbar og sjukeheimsplassar. Like viktig er korleis folk opplever å bli tatt på alvor som kunde.
I Luster viser kommunen at dei også bryr seg om dei viktige innflyttarane – mellom anna ved å hjelpe til med å skaffe hus, ved å presentere dei nye familiane i kommunens flotte informasjonsavis, og ved å la deler av kulturhuset i Skjolden stå opent også utanom opningstidene. Og når ein investor i reiselivet kjem på besøk, blir han så godt tatt imot av næringssjefen at han raskt bestemmer seg for å investere over 40 millionar.
Mange andre kommunar eg ikkje kjenner, gjer sikkert tilsvarande. Resultatet er ikkje berre tilfredse innbyggjarar, men også innbyggjarar som bryr seg om kommunen sin. Og som yter ein ekstra innsats gjennom organisasjonar, dugnader, bygdeutvikling og marknadsføring av kommunen. Ein betre avkastning av kommunens innsats kan ein knapt tenkje seg.
I småkommunen Granvin i Hordaland har kommunen i fleire år vist at dei tar barn og ungdom på alvor – og bryr seg. Da «monstermastene» trua, var det ungdomsrådet som aller tydlegast sto fram og tok opp kampen. Det var ikkje tilfeldig.
Nyleg viste Dagsrevyen fram ein skule i ein økonomisk pressa Vestlands-kommune. Elevane viste ordføraren ein lekkasje der vatnet kom inn gjennom taket. Ordføraren lova nyskule – om nokre år, om dei fekk ta opp nytt lån. Kanskje han heller burde lova å få reparert taket? Det ville vere å bry seg.
Ein ordførar som bryr seg, kan vere eit godt førebilde. Men det er altså den daglege arbeidsmåten til hundrevis av leiarar og tusenvis av medarbeidarar som er viktigast.
Også på mitt siste besøk på IKEA kjøpte eg meir enn stearinglysa, batteria og serviettane eg skulle kjøpe. Kanskje den gode servicen nettopp bidreg til at eg stadig lurar meg sjølv. Det gjer ingenting. Når IKEA bryr seg om meg, så bryr eg meg om IKEA. Og når kommunen bryr seg om folket sitt, så bryr innbyggarane seg om kommunen sin. Slik er det.