Debatt
Kommunane og Terra
Eg håpar Terra-saka tydeleggjer dei store urimelege forskjellane mellom inntektene til kommunane.
Det er interessant å sitja på utsida å sjå saka som no er det store samtaleemnet i Kommune-Norge. Aldri før har kommuneøkonomi vore eit tema så framme i nyhende- og samfunnsdebatt.
Her har me altså enkelte kommunar som har så store inntekter og midlar at dei kan gamble med dei. Austevoll for eksempel har ikkje ei einaste krone å sette på børs. Kvifor skal det vera slik at dersom ein kommune har ein foss som har eit vasskraftanlegg skal kommunekassen få store årlege inntekter frå denne? Kvifor skal det vera slik at enkelte kommunar som har vært heldig å få lokalisert oljeanlegg (døme som me kjenner godt er Mongstad, Kolsnes, Sture og Kårstø), også får store årlege inntekter? Øygarden, Tysvær, Austrheim og Lindås har store inntekter fordi Statoil og Hydro ein gong har plassert anlegg i akkurat den kommunen.
Det beste dømet er jo Øygarden kommune, som har om lag same folketal som Austevoll og er ein øykommune ganske lik Austevoll. Kvart år har Øygarden 116 millionar kroner meir til å bruke på vel 4.500 innbyggjarar enn Austevoll. Er det slik det skal vera?
Austevoll er og rik på naturresursar gjennom havbruk og fiskeri. Men desse resursane blir ikkje sett på likt når inntektene til kommunane skal gjerast opp. Dei kommunane som gjennom mange år har lagt til rette for eit miljø innanfor slike næringar vert ikkje premiert gjennom inntektsystemet til kommunane i det heile tatt. Slike inntekter skal inn til Oslo og deles ut over heile landet. Då skulle dei heller håpa på eit Statoil-anlegg eller ein foss. Kan det vera rett?
I desse dagar blir eit nytt inntektsystem diskutert. Det er eit såkalla Sørheim-utval som har utgreia dette. Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa kalla dette framlegget eit meir rettferdig inntektsystem. Nokre av framlegga til dette utvalet var å la all selskapsskatt gå til staten og helde fram med å helde kraftinntekter og inntekter frå oljeanlegg utanom ordninga, slik at slike inntekter framleis skal gå direkte til dei heldige kommunane.
Eg reagerer på at ein statsråd kan kalle eit slikt framlegg for eit meir rettferdig system. Terra-saka viser heile Noreg at det er eit urettferdig inntektsystem me har, og dette ynskjer Sørheim-utvalet skal helde fram. Det er heilt urimeleg at mange kommunar må kutte og redusere på budsjetta, medan andre har så mykje pengar at dei kan spele på børs.
Eg meiner inntektsystemet må leggjast opp endå meir slik at verdiar vert der dei blir skapt. Dei fleste bedrifter ynskjer at deira verdiskaping skal bli igjen lokalt for innbyggjarane i kommunane bedriftene er i. Å la alle ressursar bli igjen lokalt, ikkje berre kraft og oljeanlegg, hadde vært eit meir rettferdig system.
Det er svært store kontrastar i Kommune-Norge denne hausten. Mange slit med å få gjort opp budsjetta for 2008 i balanse - dette får ingen merksemd i media. Medan andre får mykje merksemd fordi deira overflod av kommunale kroner vert spelt vekk på børs. La konklusjonen på dette bli at eit verkeleg meir rettferdig inntektsystem til kommunane må på plass.