Debatt
Kloke lover
Av og til er ikkje sjølvjustisen nok. Kvinneandel i ASA-styrene er eitt døme. Kan hende høyrer statleg regulering av ordførarar sin rett til styreverv i kommunale selskap også med blant kloke lover; lover vi bør ha for å sikre dei resultata vi er tent med.
Korrupsjonsjeger Helge Kvamme meiner at eit forbod mot at ordførarar kan ha styreverv, kunne minska risikoen for korrupsjon. Han har støtte frå fleire hald. Kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa gjer det likevel klart i Kommunal Rapport i dag at ordførarane får halde fram med å ha styreverv i kommunale selskap.
Det hadde vore eit tydeleg og godt signal om statsråden hadde landa på eit forbod. KS hadde ikkje likt det. Frå ordførarhald hadde det heller ikkje kome særleg applaus - hvis vi ser bort frå storbyar som Oslo og Bergen, Drammens-regionen - og kommunane på Romerike; dei som fekk vannverkskandalen heilt inn på livet. Vi meiner det er grunn til å lytte til kunnskapen deira.
I mange tilfelle styrer kommunane på aller beste måte utan statlege pålegg, men ei slik lovregulering kunne Kommune-Noreg levd godt med. Det er verdt å fjerne risiko for korrupsjon.
Politisk erfaring er bra i eit styre. Det same gjeld noko profesjonalisering. Uansett er det avgjerande at politikarane har folk sin tillit. Det bør ordførarar ta inn over seg, uansett lovtekst.
bsh