Debatt
Kan smått vera godt?
Med jamne mellomrom irriterar politikarar og andre, særleg i Oslo og dei største kommunane, seg over dei eksisterande kommunegrensene. Dei er store demokratar, forsikrar dei, men vil bruka tvang for å få færre kommunar.
Også i Danmark hadde ein ei klokkartru om at dess større, dess betre. I 2006 munna det ut i ei tvangssamanslåing av kommunar som minka talet frå 270 til 98 einingar. Som i vår nasjonale debatt såg ein for seg omfattande stordriftsfordelar og betre kommuneøkonomi.
Men nye kostnadar for dei større distriktskommunane tvinga fram eit redusert tenestetilbod, mellom anna ved å leggja ned bibliotekfilialar over heile landet. Noko demokratisk løft førde fusjonane heller ikkje til, i stort omfang blei folkevalde lokalpolitikarar erstatta med kommunebyråkratar. Ikkje bare svall kommuneadministrasjonane ut, dei blei også relativt dyrare. Det var ikkje tenkt på at lønsnivået auka med storleiken på kommunen.
I Noreg har me fått demonstert at eit stort fagmiljø i kommunane ikkje garanterar betre vedtak. I Oslo overskreid utbygginga av Holmenkollen budsjettet med 600 millionar kroner. Trondheim og Kristiansand påførte seg enorme tap ved å selja energiverka. I det heile er det ikkje dokumentert at mindre kommunar fattar dårlegare vedtak enn dei større.
Gjer større kommunar betre arealplanlegging og næringsutvikling? I mange år har arealplanlegginga vore strengt kontrollert på fylkesnivå og av departementet. Dette er ei av årsakene til at Høgre vil avskaffa fylkeskommunen. For dei er det problematisk at fylkeskommunen regulerar i kva grad dei større bykommunane kan kontrollera utviklinga i omegnskommunane. I desse byane er ein opptekne av at nyetableringane skal plasserast der og ikkje i omlandet. Det finst slik sett mange døme på at dei mindre kommunane er mykje meir positive til nyetableringar enn dei større byane. Ikkje minst er næringslivet tent med små kommunar som aktivt verkar for å skaffa seg arbeidsplassar.
Det er også naivt å tru at større kommuneeiningar fører med seg større delegasjon av makt og mynde frå statens side. Departementa ynskjer ikkje å gi frå seg makt og i dette får dei støtte frå Stortinget. Forvaltningsreforma stranda jo som kjent på at departementa ikkje ville gje frå seg makt. Det blir difor ein illusjon å tru at større kommunar vil gi kommunane ein større grad av autonomi, slik at det blir meir meiningsfylt å vera kommunestyremedlem.
Undersøkingane viser at det er innbyggjarane i småkommunane som er mest nøgde med den kommunale tenesteytinga. Forklaringa er enkel: Kvaliteten på individretta tenester er avhengig av nærleik mellom mottakar og utøvar. Dess mindre kommunar, desse kortare er avstanden.
Er det så slik at den vedtekne samhandlingsreforma tvingar fram ei omfattande kommunesamanslåing i Noreg? Analysane viser at dei største kommunane slit mest når det gjeld samhandling mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Difor er det her reforma vil ha den beste effekten. Reforma kan nok organiserast slik at ho skapar vanskar for dei mindre kommunane. Men det må vera rett å snu henne slik at ein utnyttar fortrinna til småkommunane. Det skulle heller ikkje vera noko problem å etablera ein organisatorisk og finansiell struktur slik at ein unngår eventuelle vanskar.
Trass i eit kraftig sentralt trykk er det få kommunar som har «forsvunne» dei seinare åra. Årsaka må vera at nordmenn flest trivest godt i dei små kommunane sine. Trivselen i småkommunane er tufta på felles, lokal identitet og samhøyra og kort veg mellom styrt og styrande.
Mykje av grunnlaget for konklusjonar og påstandar i denne debatten, ser ut til å vera basert påei naiv tru om at all sentralisering er av det gode. Lite er dokumentert, mykje er synsa. Til dømes er ikkje utgiftene ved ein statleg sentraliseringspolitikk utgreidde. Det er lett å gissa på at prosjektet kan koma til å kosta meir enn det smakar.
I det heile har me ingen kvalifiserte svar på om kommunesamanslutningar vil gje eit betre demokrati, betre kommunale tenester, lågare kostnadar knytt til kommunale tenester eller betre regional utvikling. Når skal me få ein debatt dokumentert med fakta og forsking? Eigentleg er det vanskeleg å finna haldbare argument for kommunesamanslåing. Til sjuande og sist er det eit mysterium kva som eigentleg er spørsmålet i denne debatten. Etter mi meining må utfordringa vera å gå saman og finne interkommunale løysingar innanfor kommunegrensene ein har.