Debatt

KS vil at også lærarane skal inn på vanleg arbeidstidsordningar med 37 ½ time veka og 45 vekers arbeidsår. Kvifor er nesten uforståeleg for oss. Illustrasjonsfoto: Ole Morten Melgård
KS vil at også lærarane skal inn på vanleg arbeidstidsordningar med 37 ½ time veka og 45 vekers arbeidsår. Kvifor er nesten uforståeleg for oss. Illustrasjonsfoto: Ole Morten Melgård

Kampen om arbeidstida

Skuleeigar må ha tillit til at lærarane gjer jobben sin til trass for at dei ikkje kan overvake det.

Publisert Sist oppdatert

Min spådom er at neste slag vil stå om arbeidstid for turnusarbeidarar

Kommunane sin interesseorganisasjon (KS) har i fleire år arbeidd målretta for å gjere endringar i arbeidstida til lærarar i skule og barnehage. Hovudmålsetjinga har vore, og er framleis, å innføre såkalla normale arbeidstidsordningar for lærarane.

Lærarorganisasjonane har kjempa mot dette i like lang tid. Vi blei tvungne til å sjå på endringar i arbeidstida til lærarane i barnehagen etter ein lang kamp. Tidlegare hadde lærarane i barnehagen avsett fire timar i veka til eiga førebuing av det pedagogiske arbeidet. Denne tida har dei styrt sjølve i fleire tiår, med tillit frå styrarar om at jobben vert gjort. Dette blei endra til at lærarar i barnehagen no skal vere til stades 37 ½ time kvar veke, utan fleksible ordningar, utan tilrettelagde kontor eller arbeidsplassar, utan adekvate data- og kommunikasjonsløysingar. Jobben? Den må framleis gjerast. Ofte på same måte som før.

For lærarane i skulen står kampen no. KS vil at også desse skal inn på vanleg arbeidstidsordningar med 37 ½ time veka og 45 vekers arbeidsår. Kvifor er nesten uforståeleg for oss, og korleis dette skal fungere i praksis, greier vi ikkje å sjå.

Den einaste årsaka vi kan sjå, er at KS vil presse sitronen til det yttarste. Dei veit at vi, uavhengig av at arbeidsdagen er slutt klokka 15.30 i eit nytt arbeidstidsregime, vil gjere det vi må for at læringsarbeidet i klasserommet skal vere optimalt. Vi vil arbeide like lange dagar som før for å sikre kvaliteten i opplæringa, og så skal vi samtidig bruke dei elevfrie periodane til anna arbeid. Då er «trekkspeleffekten» maksimalt utnytta. Lærarane arbeider lange dagar og normalt arbeidsår.

Eit av hovudpunkta i striden er kor mange timar ein lærar skal vere i klasserommet, den såkalla «leseplikta». I dag er denne inntil 26 timar i veka. 26 timar med inntil 30 barn eller ungdom som krev di fulle merksemd. Ingen moglegheit for å «lukke døra» bak deg og arbeide litt i fred, slik eg ser funksjonærar og rådmenn gjer til tider i mine vandringar på rådhuset. Etter ein dag med fem–seks timar i klasserom med 20–30 elevar så er hovudet ganske tomt. Å sette seg ned for å drive kreativt utviklingsarbeid eller effektiv førebuing og etterarbeid fungerer ikkje.

Det betyr ikkje at lærarane er ute av døra saman med elevane. Det betyr berre at denne tida ikkje må bindast opp til ineffektive møtepunkt der ein vert pålagd å produsere evalueringar, dokumentasjon, rapportar og utviklingsanalysar til ingen nytte. Skuleeigar må ha tillit til at lærarane gjer jobben sin til trass for at dei ikkje kan overvake det. Overvaking er ikkje moderne arbeidstidsordningar. Tillit er moderne!

Viss KS vinn denne kampen om lærarane si arbeidstid, vil dei i neste omgang gå etter arbeidstidsordningane til andre yrkesgrupper for å «modernisere» desse. Min spådom er at neste slag vil stå om arbeidstid for turnusarbeidarar.

I dag er det slik at normal arbeidstid er 37 ½ time for veka. Dersom du arbeider etter oppsett turnusplan der ein arbeider både dag-, kvelds- og nattevakter, så er arbeidstida 35 ½ time i veka. Dersom KS sikrar seg styringsretten over dette i neste omgang, vil kvar arbeidstakar som arbeider etter turnusplan måtte arbeide fjorten – 14 – dagar meir kvart år utan nokon form for kompensasjon i lønn. Enkelt og greitt ved at KS tek frå organisasjonane i arbeidslivet retten til frie kollektive forhandlingar, og manifesterer at arbeidstid, det er 37 ½ time kvar veke. Uavhengig av kvar, når eller etter kva for ein type plan ein arbeider etter.

Så mykje tillit har vi til KS i skrivande stund.

Powered by Labrador CMS