Debatt

Interkommunalt samarbeid eller samanslåing?

Frå fleire hald vert interkommunalt samarbeid halde fram som eit alternativ til samanslåing av kommunar, også som eit alternativ når det gjeld å spare pengar. Eg trur vi veit etter måten lite om denne problemstillinga.

Mange stader er samarbeid i regionar kome i stand, eller er i kjømda. Denne utviklinga kan ha ulike grunnar som vi ikkje her skal drøfte breitt. Dette er samarbeid om fleire tenester mellom dei same kommunane. Det er rekna mykje på kva kommunestorleik som gjev lågast kostnad pr innbyggar for ymse kommunale tenester. Storleiken varierer etter kva teneste det gjeld. Alt anna likt, ville det såleis løne seg å samarbeide i ein mindre region for den eine tenesta og i ein større region for den andre.

Vi ser og at regionar med etter måten fast samarbeid for nokså mange tenester kan vere delt for somme andre tenester og med i samarbeid utover regionen for endå andre. Spørsmålet er om ein sparer noko ved å la samarbeid i faste regionar spele ei større rolle enn før?

I Finland, som ikkje har fylkeskommunar, har ein omfattande røynsle med interkommunalt samarbeid, mykje gjennom såkalla samkommunar. Sjukehusdrift er organisert slik. Eit anna eksempel er samkommunar som driv med næringsutvikling. Desse siste er typisk geografisk svært store. Sjukehusdistrikt er heller ikkje av dei minste. På denne måten har ein bygd opp eit fleksibelt system.

Slike ordningar har både fordelar og ulemper. Dersom dei geografiske områda er valt utifrå kostnadsomsyn, skulle ein tru det var pengar å spare. Men andre omsyn kan ha spelt vel så stor rolle, for næringsutvikling t.d. “slagkraft”. Dessutan oppstår det lett eit problem av ein annan karakter: Samkommunar har i ikkje liten grad auka utgiftene sine meir enn gjennomsnittet for medlemskommunane. Kommunane må då skjere ned på verksemd i eigen regi.

Dette problemet er ikkje ukjent her på berget heller, men eg veit ikkje om det er tale om episodar eller ein meir kronisk tilstand. Problemet kjem m.a. til uttrykk gjennom avisoppslag om konfliktar mellom kommunar om slikt som budsjett for revisjonsdistrikt, interkommunale PP-kontor og tidlegare næringsmiddeltilsyn.

Det kan vere fleire grunnar til at interkommunalt samarbeid har større auke i utgiftene enn kommunal verksemd på heimebane. Vi skal konsentrere oss om ein grunn. Tenk at kommunane i Møre og Romsdal teneste for teneste samarbeidde om det fylkeskommunen driv med. Det fanst berre tenestespesifikke styre valde av kommunane. Kommunestyra måtte godkjenne budsjetta. Fylkesting og fylkesadministrasjon som meir eller mindre løpande dreiv med prioritering mellom tenestene innafor økonomiske rammer, fanst ikkje. Det er grunn til å tru at skiping av ein fylkeskommune ville ha dempande verknad på utgiftsveksten. Vi kan seie at svak struktur på organisasjonen kan føre til at interkommunalt samarbeid blir dyrt.

Men vi kan ikkje på same tid fullt ut få både samarbeid i økonomisk optimale regionar for kvar teneste og samordnande styring. Eit kompromiss må til. Vi kan gjerne sjå kommunane sjølve som eit slikt kompromiss. Faste regionar med regionråd kan og sjåast som eit kompromiss mellom desse omsyna. Men regionråda er helst svake når det gjeld samordnande styring. Eit kommunestyre i ein samanslått kommune burde vere mykje sterkare. Ein kunne t.d. få betre samordning utan at ein trong endre noko som gjeld det andre omsynet. Dersom kommunane i ein region ønskjer å samarbeid om dei fleste tenester, er dette eit viktig argument for like godt å slå kommunane saman.

Men først og fremst burde vi visst meir om utgiftsvekst i interkommunale samarbeidstiltak i høve til kommunal verksemd elles. Det burde vi visst før det vert teke viktige avgjerder om samarbeid kontra samanslåing. Er det forresten nokon lesar som generelt eller eksempelvis har meir kunnskap om dette? Kjenner nokon til publikasjonar om emnet? Kontakt gjerne ind@hivolda.no

Skrevet av: Inge Dyrhol