Debatt
Ikkje-politikk for skulen
Kvar er skulepolitikken? Trudde vi at det no var tid for å planleggje opplæringa til nye generasjonar, at vi stod overfor ei glad, optimistisk tid for tenkinga omkring nye generasjonar si rolle i samfunnet - så tok vi heilt feil.
Kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell ser ut til å meine, som så mange av sine partifeller, at det ikkje er mogleg å skape nokon annan politikk enn den motstandaren alt har definert. SV-politikarar som kjem i posisjon tek over Høgre si verdsforståing. Dei har visst ingen annan samfunnsanalyse enn at det er som ein leik å opponere, men makta leikar aldri, alvoret er alt definert av dei som kan slikt.
SV skaper no ingen politikk for opplæring. Trass i at dei lenge masa fælt om at dei ville gjere nett det, har dei vridd seg verre for å sleppe å snakke om innhaldet i skulen. Sist definerte dei hovudstriden til å stå om langfriminuttet og kva elevane åt. No handlar det altså om førskulen. I strid med alle instinkt og dei fleste pedagogiske teoriar som sosialistar har halde høgt, vil Solhjell skjere av barndommen endå tidlegare og gjere førskulen obligatorisk for femåringar.
Det er ikkje sikkert det vil koste all verda for kommunane, og kan hende vil dei fleste foreldre gjerne ha femåringane sine i førskule. Problemet er berre å skjøne koss tiltaket skal styrke kvaliteten i skulen. Oslo Høgre har likevel kasta seg på galoppen og krev engelskopplæring for treåringar. Kan vi ikkje likså godt levere tilbod om språk- og reknekurs alt på fødeavdelingane, heretter?
Det er blitt ein sport ikkje å snakke om skulen når ein snakkar om skulen. Sjølv regjeringa snakkar om PISA i staden for å snakke om behova i skulen.
Og kva er PISA? Ei kvantitativ undersøking av visse element som er definerte som felles for alle frå Athen til Tromsø, frå Vilnius til Dublin. Ja, PISA fortel om visse felles veikskapar. Men ingenting om kulturelle skilnader. Frankrike og Noreg, som har totalt ulikt skulesystem med sterkt ulike prinsipp, kjem såleis ut med om lag like resultat. I Frankrike lurer mange på om dei burde bli meir demokratiske, i Noreg lurer demokratane på om dei bør bli meir elitære. Dette burde fortalt Solhjell at å avskaffe politikken til fordel for pedagogisk teknokrati ikkje er farbar veg.
Dersom ein verkeleg var oppteken av innhaldet i skulen, kunne ein til dømes tenkt på at undersøkingar viser korleis systemet med basisgrupper, eller alt som byggjer på Scola2000, ser ut til å syne nedgang i resultat og dårlegare trivsel for både elevar og lærarar. Solhjell kan, om han vil, sørga for at Opplæringslova gjorde klassen til grunneining igjen, og skape ro i skulen. Solhjell kan, om ikkje anna så for å tilfredsstille titusenvis av protesterande elevar og mange hundre misnøgde skuleleiarar, varsle at ungdomsskuleeksamen i norsk skulle endrast slik at ein gjeninnførte to dagar norskeksamen.
Han har òg fleire mulegheiter til å valsa opp med forlaga, så dei får vite at det ikkje lønner seg å halde skular, kommunar og fylke for narr ved å ta imot statsstøtte, men likevel ikkje levere bøker i tide - no er det jo ikkje berre nynorskbøker og bøker i «små» fag som er problem, lenger, men alle lærebøker forlaga ikkje synest om av di det er for mykje arbeid å utvikle dei.
Mellom dei mest presserande problema er rekrutteringa til stillingar i skulen, det manglar ganske snart mengdevis av lærarar og lektorar på alle nivå. Då skulle ein tru at utdanning av folk med viktige skulefag og betring av løns- og arbeidsvilkåra måtte vere høgt prioriterte oppgåver, men det høyrer vi lite om. Rett nok snakkar statsråden stadig om å forbetre allmennlærarutdanninga, noko som absolutt trengst, sjølv om det verkar merkeleg å heile tida snakke som om kvaliteten på barneskulelærarane er årsaka til alle problem i skulen. Like lite som at for dårleg opplæring av skuleleiarar er årsaka til sprikande lesingar av fagplanar, merkverdige nasjonale eksamensordningar, stressande undervisningstilhøve med omflyttande grupper eller hysteriske tolkingar av PISA-resultat.
Korleis Solhjell vil klare å overtyde lærarutdannarar eller leiaropplærarar omkva som må til, veit vi enno ingenting om. Og både skulemeldinga og språkmeldinga er så kraftig forseinka at dei knappast kan gje opphav til interessante diskusjonar før valet neste år.
Statsråd Solhjell kan komme til å gå over i soga som den skulepolitikar sidan parlamentarismen vart innførd, som avskaffa skulepolitikken.