Debatt

Ikkje mangel på hestekrefter i Møre og Romsdal

Fylkesordføraren i Sør-Trøndelag seier i Kommunal Rapport nr. 40 at «Fylkeskommunen mangler fullstendig legitimitet, og vi kan ikke fortsette å bære fôr til en død hest». Eg synest det er trist å høyre at Sør-Trøndelag ikkje har greidd å halde liv i eigen hest, for her i Møre og Romsdal er han i betre form enn på lenge!

Fylka må komme på banen og fortelje kva dei er gode for! Undersøkingar viser at folk er godt nøgde med dei fylkeskommunale tenestene.

Legitimitet heng saman med omdømmebygging. Dersom ein går ut offentleg og seier at fylkeskommunen er svak, manglar ressursar, manglar sterke nok fagmiljø og er ein uinteressant samarbeidspartnar - så påverkar dette både dei i og utafor organisasjonen. Dette kan komme til å bli ein sjølvoppfyllande profeti.

Som mange har fått med seg, har vi valt ein annan strategi i Møre og Romsdal. Vi løftar fram det som er bra i fylket vårt, kva vi har fått til og kva vi har som mål å få til på sikt. Vi har sett i verk store og langsiktige prosjekt, t.d. innan entreprenørskap, reiseliv, energi, samarbeid med frivillige organisasjonar og ungdom. Vi har gått offensivt ut og sagt vi skal vere ein tydeleg medspelar for regional utvikling. No seier våre samarbeidspartnarar at dette er eit mål vi er i ferd med å nå.

Større regionar, der innbyggjarar, kommunar, næringsliv og organisasjonar får ein lengre veg til dei regionale myndigheitene, vil gjere det vanskelegare for regionale aktørar å ta del i det regionale demokratiet. Dette blir forsterka ved at både frivillige organisasjonar og organisasjonane i arbeidslivet i dag er organiserte fylkesvis.

Eg er glad for at regjeringa vil overføre nye oppgåver til fylkeskommunane. Desse skal vi utføre på ein måte som gjer oss enno meir interessant som samarbeidspartnar for regional utvikling. Å arbeide i tette partnarskap med kommunar, organisasjonar og finans- og næringsmiljø, har gitt gode resultat for Møre og Romsdal.

Når Stortinget skal behandle stortingsmeldinga om oppgåver til det regionale nivået, vil eg samstundes råde dei å vurdere einskapsfylkemodellen. Enkelt sagt går modellen ut på å samle dei to organa på fylkesnivået - fylkeskommunen og fylkesmannsembetet - i eitt organ.

Evalueringar som er gjort av forsøket i Møre og Romsdal, slår fast at einskapsfylket langt på veg har nådd sine mål om å:

1. Gjennomføre regional politikk, statleg politikk og andre oppgåver for staten, og gjennom dette vere ein aktiv pådrivar i samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal.

2. Sørgje for god samhandling med kommunane, næringslivet, organisasjonane og staten.

3. Oppretthalde og utvikle eit sterkt kompetansemiljø til nytte for brukarane.

4. Forenkle og effektivisere den offentlige organiseringa på regionalt nivå.

Når stat og fylkeskommune samlar kompetansen og ressursane sine slik dei gjer i einskapsfylket, har vi i Møre og Romsdal fått ein «hest» som er sterk nok, stor nok og nær nok til at folk kjem og heier på han.

Jon Aasen (Ap), fylkesordførar i Møre og Romsdal

Powered by Labrador CMS