Debatt
Husmusa og fjellmusa
Det kan sjå ut som om vi menneske til alle tider har hatt ein lei tendens til å ville meine at vi sjøl og vår eigen kultur er hakket betre enn naboen sin.
Det var ein gong ei heimemus og ei fjellmus. Dei møttest i skogbrynet. Der sat fjellmusa i eit hasselkjerr og plukka nøtter.
«Signe arbeidet!» sa heimemusa. «Skal eg treffe skyldfolk her, så langt ute i bygda?» sa ho.
«Det var så det», sa fjellmusa.
«Du sankar nøtter du og dreg til hus», sa heimemusa.
«Eg nødest til det, om vi skal ha noko å leve av til vinteren», sa fjellmusa.
«Hamsen er stor, og nøtta er full i år, så det kan monne i svolten skrott», sa heimemusa.
«Det er vel så», sa fjellmusa, og talte om at ho levde vel og hadde det godt. Heimemusa meinte at ho hadde det betre. Men fjellmusa heldt på sitt og sa det var ingen stad så godt som i skogen og i fjellet og ho hadde det sjøl best.
Heimemusa sa at ho hadde det best, og dette kunne dei ikkje bli sams om. Til sist lovte dei at dei skulle kome til kvarandre i jula. Så fekk dei sjå og smake på kven som hadde det best.
Eventyra er vel fantastiske. Her går Asbjørnsen og Moe rett i den aktuelle samfunnsdebatten i Norge. Kor er det gode liv: På landet eller i byen?
Eventyret om heimemusa og fjellmusa kan tilføre vår heimlege debatt nokre allmenmenneskelege poeng, slik eventyra ofte kan. Det kan sjå ut som om vi menneske til alle tider har hatt ein lei tendens til å ville meine at vi sjøl og vår eigen kultur er hakket betre enn naboen sin.
Etter ei rekke traurige meldingar om det nitriste bygdelivet, var det ei sann lise å lese Helgeland Arbeiderblad lørdag 6. oktober 2001. Her møter vi ei vakker og smilande bygdekvinne, Ellen Svarstad (43), frå den vesle bygda Simsø i Leirfjord kommune på Helgeland. Ho «står fram» med jakthund og gevær og har skote sin første elg.
Ellen er regnskapskonsulent i Økonor og bonde med 200 sau og 17 kyr i fjøset. Ho er kommunestyrerepresentant for Senterpartiet, er med i styret for Leirfjord Boligstiftelse og er ansvarleg for regnskap og administrasjon for avløysarlaget.
I mange år har ho jakta ryper i vakker natur med godt resultat, og ho er entusiastisk og inspirerande med på det meste som skjer i bygda. Ho er altså ein levande demonstrasjon på at forskarane ikkje har funne heile sanninga når dei hevdar at jentene på landsbygda vil flytte til byen, få seg ein urban jobb og gifta seg med ein rik mann.
- Eg har alltid vore glad i bygda og naturen, seier Ellen. Heilt frå ho var lita ha ho gått tur i fjellet. I sommar var ho på fottur saman med mann og vener i Alpene. Ho gjekk rundt Europas høgaste fjell, Mont Blanc og var på den turen oppe i ca. 3.000 meter og innom tre land før ho var i mål. No planlegg ho fottur til Peru, i Pyreneene eller kanskje til toppen av Kilimanjaro.
Ellen er glad i å lage mat og inviterer gjerne gode vener til eit godt måltid med ryper frå eigen fangst eller no og elgkjøt. På sauesankinga tar Ellen med seg hagla. Ho kunne snuble over eit rypekull, og slike høve let ho ikkje gå ifrå seg.
Ellen snakkar om «det gode liv» på bygda. Og kanskje ser det no ut til at trenden snur, og at livet på bygda igjen vil lokke jentene ut av byen, slik Dagbladet melder 13. oktober.
I eventyret berga fjellmusa så vidt livet for katten då ho var på besøk hos heimemusa.
«Dette kallar du å ha det vel og seier at du lever best?» sa ho til heimemusa. «Takke meg til litt mindre då, framfor slik ein stor gard og slik ein hauk til fut! Det var jo så vidt eg slapp med livet!»
I det verkelege livet treng ikkje debatten om «det gode liv» handle om hva som er best, byen eller bygda, men heller om det fargerike fellesskapet. Skal vi ha ei bærekraftig forvaltning av havet, jorda og fjellet, så må vi legge til rette for at folk kan bo på bygda, både praktisk og ideologisk. Vi må pusse støv av den gamle parolen om «by ogland, hand i hand».
Vi må erkjenne at vi treng kvarandre for å utvikle det gode liv, både i bygda og i byen. Vi treng levande bygder for å produsere rein mat, og vi treng å ta vare på kulturlandskapet for å forstå oss sjøl og vår eigen kultur. Vi treng byar som ikkje blir kvalt av pressproblema som ei stadig avfolking og sentralisering fører med seg. Og vi treng byar som tar vare på det menneskelege og som utviklar forståing for at arbeid i industrien, i fiske og landbruk er nødvendig for den spennande menyen på restauranten i byen. Slik sett har vi kanskje ein felles fut, anten vi bor i byen eller på bygda.