Debatt
Høyr på opposisjonen
Store delar av opposisjonen har samla seg i sterk kritikk av Bufetat. Dei ønskjer å flytte oppgåver innan barnevernet frå staten og til kommunane, få år etter at staten overtok ansvaret frå fylkeskommunane.
– Når reforma ikkje fungerar, må vi vere villige til å gjere noko med ho, seier Trine Skei Grande (V). Det er ei uttale vi støttar. Til no ser det ikkje ut til at Bufetat har lukkast når det gjeld å gje kvar einskild unge betre hjelp enn tidlegare. Kan hende er Bufetat flink til å plassere ungar på statleg i staden for privat institusjon, men vi kan til no ikkje sjå at tilbodet til brukarane har vorte betre.
Vi er overtydde om at kommunane kan løyse utfordringane innan barnevern vel så godt som eit stort, statleg byråkrati der dei tilsette i liten grad er i nærleiken av dei vedtaka faktisk gjeld. Men for å flytte heile barnevernet til kommunane er det naudsynt med langt større einingar. Både for å sikre eit godt fagleg miljø og ha kapasitet til å handsame alle saker. Då talar vi om fleire enn dei to personane som Barneombodet vil ha som minimum på barnevernkontoret.
Kan hende bør ein sjå ei flytting av større oppgåver innan barnevernet til kommunen i samband med samhandlingsreforma. Der må kommunane gå saman for å gje gode helsefaglege tilbod. Kvifor ikkje nytte samarbeidet som no uansett må etablerast, til å lage sterke og gode einingar som kan ta vare på dei ungane som treng mest hjelp?
Skal kommunane få meir ansvar i barnevernet, må dei samstundes gjere ein betre jobb med dei barnevernsoppgåvene dei har i dag. Framleis aukar talet på saker der kommunane somlar og nytter altfor lang tid på sakshandsaminga. Altfor mange ungar har heller ikkje ein plan med tiltak. Men alt i alt er vi sikre på at ei samla, sterk og lokal barnevernteneste som kjenner utfordringane, er den beste løysinga.