Debatt
Hastverk er lastverk
Ei rekkje kommunar legg ut anbod med svært kort svarfrist for leverandørane, syner ei oppteljing Kommunal Rapport gjorde sist veke. Forklaringane er fleire, men ikkje alle er like gode. Det kan til dømes ikkje vere overraskande at sommaren kjem. Skal ein gjere arbeid på skulane i ferien, må det planleggjast lenge før mai.
Slikt hastverk kan indikere at kommunen er dårleg styrt. Offentlege innkjøp må vere godt organisert av fleire grunnar. Det handlar om å nytte skattepengane best mogleg. Å byggje ein skule som skal fungere i fleire tiår, krev omfattande planlegging og eit godt anbod for å sikre at kommunen får den best moglege løysinga. Er det då så lurt å køyre anbodet gjennom på så kort tid som mogleg?
Det skal heller ikkje vere nokon tvil om at det er den beste leverandøren som vinn kontrakten. Anbod med korte fristar treng ikkje vere mistenkelege, men kort frist opnar utvilsamt for at nokre kan spørje seg: Kvifor tek dei seg ikkje betre tid?
Offentlege innkjøp har stor merksemd i media, og det er bra. Vi treng kritisk blikk på korleis kommuneadministrasjonen nyttar pengane til fellesskapet. Det finst i dag ikkje nokre eksakte minimumsfristar i lovverket for kor mange dagar eit nasjonalt anbod skal ligge ute i databasen Doffin. Klagenemnda for offentlege innkjøp har uttalt seg nokre gonger om kva som kan vere akseptabelt. Generelt er vi skeptiske til enno fleire reglar som set grenser for kva kommunane kan gjere. Spørsmålet er likevel om ikkje alle partar ville hatt godt av ein minimumsfrist på til dømes ti arbeidsdagar, for å sikre at kommunane set av nok tid til kjøp av ei teneste, eit bygg eller ein vare som skal nyttast i kommunen i fleire år.
Det beste argumentet mot ein nasjonal minstefrist vil vere at kommunane sjølve ryddar opp, og sluttar å gje leverandørane ei veke på å levere gode tilbod.