Debatt

Grøftegang i skuledebatten

Undersøkingar både nasjonalt og internasjonalt viser at ein del elevar ikkje når dei læringsresultata det er forventingar om i skulen. Forskinga har også konkludert med at ikkje alle arbeidsformene i skulen er tenelege.

Mange stader får elevane ein individuell fridom dei ikkje maktar å utnytte. Omfanget av einsamt elevarbeid har auka, og systemet med basisgrupper og kontaktlærarar har ein del stader ført til at fellesskapen elevane i mellom er i ferd med å forvitre. Det, mellom anna, kan forklare at spreiinga i prestasjonar elevane i mellom har vorte svært stor, og at nokre grupper elevar kjem systematisk til kort.

Det er freistnader på å bagatellisere desse resultata, med tilvising til at dei internasjonale undersøkingane ikkje gir eit breitt nok bilde av skulen. Til det er å seie, at vi har fleire norske undersøkingar som viser dei same tendensane, og på eit breiare grunnlag.

Sjølv om vi nyanserer kritikken, er det difor nokså klart at skulen og lærarane står over for store utfordringar mange stader.

Ei av tilrådingane frå forskarar, er at det må verte meir struktur og systematikk i dei faglege opplegga, meir ro om aktivitetane og tydelegare, meir inngåande og nær oppfølging av elevane. Dei ønskjer å leggje meir vekt på samla aktivitet i klassen/gruppa, og at elevane skal få vere meir saman både om opplevingar og faglege utfordringar. Fellesskapen er svært viktig både for elevane si læring og for trivselen.

Det er interessant å legge merke til korleis desse forslaga vert oppfatta. Mange deler både diagnosen og medisinen, men langt frå alle.

Kravet om ro, disiplin, system, struktur og fellesskap forstår ein del som eit ønske om at den gamle skulen skal innførast på nytt. Eg har møtt både rikspolitikarar, lokalpolitikarar, rektorar, lærarar og journalistar som påstår at no vil forskarane hente løysingane frå fortida. Kva som ligg i «den gamle skulen», er uklart. For enkelte er referansen skulen på 1980-talet, for andre er det skulen som fanst før siste verdskrigen. Dei er nokså ulike.

Same kva, den gamle skulen ser ut å handle om alt som var gale, frå kadaverdisiplin, keisam undervisning frå kateteret og til fullkomen og nasegrus respekt for lærarane. Påstanden er at kravet om struktur, system, disiplin og fellesskap står i motsetning til at ein samstundes kan ta vare på trivselen, dei gode relasjonane, det leikande barnet, kreativiteten og vekta på det sosiale. Om ein skule utan struktur, utan systematikk, med mykje uro og lite fellesskap kan gje slike resultat, verkar usannsynleg.

Det verste er likevel at eit ønske om å få levelege og fruktbare kår for læring i skulen vert nærast avvist, gjennom ei omfattande problematisering av forskingsresultata.

Det som kjem fram i denne delen av ordskiftet, omtalar eg som grøftegang, at ein går på sida av saka. Der finst det berre to posisjonar, den eine eller den andre grøfta: Anten er ein for skulen slik han er i dag, eller så går ein inn for skulen slik han var for lenge sidan.

At det kan vere noko imellom, ser ut til å vere ukjent eller utenkjeleg. At det kan vere nødvendig å justere kursen på enkelte punkt, men framleis halde på det som er godt og positivt, synest ikkje å vere eit alternativ.

Det finst fleire vegar til målet. Dersom det ikkje kjem fram, vil den viktige debatten om kvaliteten av arbeidet i skulen verte karikert og banalisert. Det er ikkje uvanleg å sjå til skulen i Finland i desse dagar. Han er best i dei internasjonale undersøkingane. Dei har endra det som ikkje fungerer, men halde på det som er bra. Dei har følgt den jamne middelvegen, vi har endra på alt, med jamne mellomrom.

Sjølv om vi ville det, er det dessutan uråd å innføre den gamle skulen att. Han fungerte ikkje godt for alle då han fanst. Vi kvitta oss med den gamle skulen fordi han ikkje var god nok. Han var autoritær, trivselen var svak for mange, og læringsutbytet kunne det stillast spørjeteikn ved. Han var lenge tilpassa dei samfunnstilhøva han var ein del av og dei interessene som hadde styringa og hegemoniet. Skal denneskulen fungere no, må vi også gjenskape det samfunnet som i si tid skapte han og ville ha han. Det vil vi ikkje, og det er heller ikkje mogleg.

Den gamle skulen vil ikkje gje det utbytet som er ønskt. Sidan heller ikkje dagens skule tilfredsstiller alle krav, må debatten om alternativa nyanserast og slagorda leggast til side for nøgnare analysar.

Skrevet av: Peder Haug

Powered by Labrador CMS