Debatt
God omsorg må planleggast
Mange kommunar er for tida i gang med å utforme nye planer eller rullere gamle planer for omsorgstenestene. Det er nødvendig, fordi samfunnet og behova i befolkninga endrar seg raskt. Dagens innbyggarar har også andre forventningar til kva som er god omsorg enn det tidlegare generasjonar har hatt.
Omsorgsplan 2015 er ei nasjonal satsing for å møte dei store utfordringane innan kommunale pleie- og omsorgstenester. Den gjeld alle aldrar og alle slags hjelpebehov. Satsinga er basert på stortingsmelding nr. 25, Omsorgsmeldinga, og har brei politisk tilslutning.
Dei viktigaste verkemidla i Omsorgsplan 2015 er investeringstilskot til sjukeheimsplassar, omsorgsbustadar og dagsenter, samt tilskot og andre tiltak for auka kompetanse i kommunane.
Møre og Romsdal fylke sitt oppdrag når det gjeld Omsorgsplan 2015 er å følgje opp kommunane sitt arbeid med gjennomføring av hovudstrategiane. Dette arbeidet er organisert som eit prosjekt og dei fleste avdelingane er involvert i prosjektarbeidet. To prinsipp ligg til grunn for strategien i prosjektet;
- tiltaka må tilpassast lokale tilhøve i dei ulike delane av fylket og
- alle aktuelle samfunnsområde må involverast.
Dei siste tiåra har det skjedd ei stor auke i talet på tenestemottakarar under 67 år. Det gjeld personar med store hjelpebehov på grunn av for eksempel rusproblem, psykiske lidingar, medfødd funksjonshemming og trafikkskadar. Kostnadar knytt til tenester til desse brukarane utgjer på landsbasis to tredeler av ressursane i dei kommunale heimetenestene.
Den siste befolkningsstatistikken viser at talet på personar over 67 år i Møre og Romsdal vil auke med 60 prosent innan år 2030. Samtidig er det venta at talet på personar i yrkesaktiv alder vil halde seg nesten konstant. Det er i dag 4,2 personar i yrkesaktiv alder pr. eldre, medan det i 2030 vil være berre 2,7 i yrkesaktiv alder for kvar person over 67 år.
Behovet for personell kan forventast å auke frå dagens nivå på 7.100 årsverk og opp til det dobbelte i 2050. Samtidig er rekruttering til omsorgsyrka i sterk konkurranse med alle andre sektorar som også treng arbeidskraft.
Den store auken i talet på eldre inneber at vi vil få langt fleire personar med demenssjukdom. Difor har regjeringa også laga ein eigen demensplan som del av Omsorgsplan 2015. Demensplan 2015 inneheld tiltak som auka forsking på området, tilpassa bustadar, meir aktiv omsorg, auka kompetanse og tiltak som rettar seg spesielt mot dei pårørande. Ei ny undersøkning gjort av Nasjonalt kompetansesenter for Aldring og Helse viser at berre 28 prosent, eller elleve av kommunane i Møre og Romsdal har etablert dagtilbud tilrettelagt for personar med demens. Oppretting av dagtilbod er kanskje det viktigaste tiltaket for å betre livskvaliteten både for den som er sjuk og for dei pårørande. Samtidig er gode dagtilbud med på å utsetje behovet for heildøgns tenester.
For å møte utfordringane i omsorgssektoren på ein trygg og framtidsretta måte må kommunane legge planer for framtida. Møre og Romsdal fylke har difor valt å fokusere spesielt på kommunalt planarbeid som det viktigaste satsingsområdet i prosjekt Omsorgsplan 2015 i år.
Plan for gode omsorgstenester må integrerast i dei overordna kommunale planane, arealplan, økonomiplan og ikkje minst samfunnsdelen i kommuneplana. Samtidig er det viktig å legge vekt på førebygging. Helsefremjande tiltak og universell utforming er nødvendig for at personar med hjelpebehov ikkje skal trekkje seg tilbake, men framleis ta aktivt del i samfunnet. Helse- og omsorgsperspektivet må difor inn i alle deler av planverket.
Prosjekt Omsorgsplan 2015 i Møre og Romsdal fylke har skissert fem resultatmål:
- Kommunane skal være godt førebudd på framtidige behov ved å ha kartlagt og utarbeidd planer for omsorgstenestene.
- Kommunane skal ha nødvendig og god fagkompetanse innan omsorgstenestene.
- Det skal opprettes nye årsverk i tråd med kommunane si behovskartlegging og kompetanseplan.
- Brukarar av omsorgstenester skal ha nødvendig tilgang på bustadar tilrettelagt for heildøgnstenester.
- Det skal være ei auke i dagaktivitetstilbodet og god kvalitet itenestene.
Mange kommunar er no i gang med å utarbeide nye planer for omsorgstenestene. For å få eit best mogleg resultat, vil vi oppmode alle aktuelle partar til å engasjere seg. Det gjeld tilsette, brukarar, pårørande, organisasjonar og lokalsamfunn.
Gode omsorgstenester må planleggast. Kommunane har ansvaret. Møre og Romsdal fylke vil medverke som ein tydeleg medspelar.