Debatt
Fungerer lokaldemokratiet?
At kommunestyremøter vert avlyste kan ha ulike legitime årsaker. Det kan og handle om at kommunestyret har organisert bort mesteparten av oppgåvene sine til utval. Det er blitt fortalt at det finns kommunar som i heile 2010 hadde to kommunestyremøter, og nesten utan reelle saker.
Når kommunestyremøter vert avlyste, slik m.o.a. vestlandskommunane Ørsta og Volda har gjort no, kopla saman med uttale i media frå leiaren av eit «tungt» utval i Ørsta, der ho i realiteten seier at utvalet ho leier er eit «supperåd», kan det vere noko å ta tak i.
Betydinga av dei folkevalde, dei einaste direkte valde av innbyggarane i kommunen, er viktig. For lokaldemokratiet, for KS, og dermed for oss som har oppdrag for KS.
Ein høyrer ofte at mange folkevalte ikkje opplever å ha reell påverknad av saker gjennom prosessar, og at dei viktigaste vedtaka, dei mest interessante og framtidsretta sakene som til dømes næring, økonomi, arealdisponering og reguleringssaker i realiteten vert avgjorde i utval som heller ikkje alltid fullt ut består av folkevalde.
Dermed vert også statusen større ved å vere med i eit eller fleire utval, enn å vere med i kommunestyret, som uansett sit med det øvste og reelle ansvaret.
Ein ikkje folkevald utvalsleiar sa til meg «under fire auger», at han hadde mykje meir makt i kommunen, enn til dømes ordføraren. Og den bruker han. Bør det vere slik ? Makt og ansvar bør vel framleis henge saman.
Når folkevalde opplever at dei ikkje jobbar med dei viktigaste og mest interessante sakene, i det viktigaste organet. Når deira viktige oppgåve er å møte fram i kommunestyremøte og seie ja til «ferdigtygde» saker ein kanskje ikkje har høyrt om før, og som ein kanskje heller ikkje forstår rekkevidda av, slik ein relativt ung folkevalt sa til meg nyss, då er det ikkje særleg inspirerande å vere, eller verte folkevalt. Erfaringa mi er at han langt frå er åleine som opplever det slik.
I kommunane jobbar no partia med listeframlegg til kommunestyrevalet.
Meldingar frå fleire kommunar eg kjenner er at mange sluttar . Av ulike årsaker. Og det er vanskar med å finne nye.
Å oppleve at ein som folkevalt ikkje har reelle oppgåver, og heller ikkje reell makt, men omtrent berre reelt ansvar, opplevast ikkje særleg lystbetont. Då brukar ein heller fritida si til noko anna. Det går an å gjere noko med det.
Det er enno ikkje for seint i høve haustens val for kommunestyra å setje seg saman, og legge betre til rette for dei nye.
Der tema m.o.a. må vere av typen: Korleis gjere det slik at det opplevast framtidsretta, nyttig, interessant og meiningsfullt å vere folkevald? Få ta meir del i prosessen, og oppleve reell påverknad fram mot vedtak. Sjå resultat av innsatsen.