Debatt

For lite langsiktig

Regjeringa har pøst på med pengar nok til at ingen kjem veldig skeivt ut med forslaget til nytt inntektssystem. Berre 17 kommunar kjem dårlegare ut, sa kommunalministeren under presentasjonen.

Når vi no har fått opposisjonen sin klare reaksjon, kan fleire kjenne seg ramma. Det er det grunn til; kommunane lever best når dei veit kva dei har i vente. Da kan dei legge gode langsiktige planar.

No derimot, lovar politikarane på borgarleg side ny endring i inntektssystemet, om dei skulle komme til makta etter valet neste år. Uansett burde ei omlegging av eit så vesentleg system hatt ei enda breiare politisk ryggdekning.

Samstundes er det avgjerande for kommunane at midlane er fordelte slik at nettopp dei kan ivareta kjerneoppgåver som omsorg og utdanning på ein god måte. Slik sett kunne ein gått lenger i omfordeling.

Ein stad går likevel grensa. Kommunane bør også få råde sjølv - med skatt som ein viktig del av inntekta.

At regjeringa fjernar den kommunale selskapsskatten, har vakt sterkare reaksjonar enn noko anna. Mange ser denne skatten som ein stimulans for å etablere næring. Ingen dokumentert effekt, seier kommunalministeren.

Det er uansett lett å skjøne at storbyar som Stavanger og Oslo protesterer. Vi må anerkjenne at dei har krevjande fellesskapsoppgåver. Difor har vi tatt til orde for storbyomsyn før.

Selskapsskatten burde bestått. Det ville gitt større kommunalt handlingsrom. Og det ville framfor alt sikra langsiktig oppslutning om det nye inntektssystemet.

bsh

Skrevet av: Kommunal Rapport

Powered by Labrador CMS