Debatt

Feil frå Høgre om kommuneøkonomi

Stortingsrepresentant Bent Høie frå Høgre tek feil når han i siste nummer av Kommunal Rapport hevdar at «Stoltenberg forteller bare halve sannheten» om kommunesektoren.

Faktum er at med det opplegget som regjeringa la fram i revidert nasjonalbudsjett vert dei samla inntektene i kommunesektoren i denne stortingsperioden auka med rett i underkant av 32 milliardar kroner. Tilsvarande tal under den førre regjeringa var 19,6 milliardar kroner. For ordens skuld: Desse tala er korrigerte for kostnadsveksten, for overføringar av oppgåver mellom kommune og stat og for nye, pålagde oppgåver.

Korrigering for demografi er ikkje teke omsyn til, men elles er desse tala direkte samanliknbare.

Den økonomiske verksemda i kommunesektoren vert i første rekkje styrt gjennom dei inntektsrammene som Stortinget fastset. Med desse inntektene skal kommunesektoren utføra oppgåvene sine og sørgja for gode velferdstenester til innbyggjarane. Ein auke i dei samla inntektene inneber at innbyggjarane kan få fleire og betre velferdstenester leverte frå kommunane.

Dei tre siste åra har talet på årsverk i kommunal sektor auka med mellom 30.000 og 35.000. Tilsvarande tal i førre stortingsperiode var mellom 5.000 og 10.000 årsverk. Dette utgjer ein skilnad for tilbodet som kommunane gjev innbyggjarane.

Tidsserien frå Det tekniske beregningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi i fjor haust, som Høie viser til i sin artikkel, syner utviklinga frå 2002 og til og med 2008. I rekneøvinga til Høie samanliknar han dei tre siste åra til Bondevik II-regjeringa med dei tre første åra til denne regjeringa. For eit fullstendig bilete burde han ha samanlikna perioden 2001-2005 med perioden 2005-2009.

Samstundes veit vi at inntektsveksten i det første året til den førre regjeringa var praktisk talt fråverande, dei samla inntektene vaks med 0,1 prosent før det er korrigert for befolkningsutviklinga. Veksten i det fjerde året til denne regjeringa, vil derimot verta særs sterk (dei samla inntektene veks med 9,5 milliardar kroner, eller 3,3 prosent). Då vert biletet eit heilt anna enn slik Høie freistar å framstilla det.

Skrevet av: Magnhild Meltveit Kleppa

Powered by Labrador CMS