Debatt

Farvel til generalistkommunen
Vi treng ei kommunereform, men den må ta innover seg at Norge er eit land med store indre variasjonar. Det kan bety eit farvel til generalistkommunen.
Valet mellom samanslåing og grensebevaring kan bli eit val mellom pest og kolera.
Regjeringa sitt ekspertutval, leia av professor Signy Vabo, har lagt fram ein rapport om kriteria for ein god kommunestruktur. Utvalet tilrår minst 15.000 innbyggjarar i ein kommune.
Dei ser på ulike sider ved kommunane sine oppgåver og roller, men har lagt mest vekt på omsynet til tenesteproduksjon. Men det kan vere verd å merke seg at dei fleste tenestene ifølgje rapporten kan fungere greitt også i kommunar med ned mot 10.000 innbyggjarar. Det er særleg arealplanlegging, enkelte helsetenester og beredskap som tilseier større kommunar.
Forslaget frå utvalet har vekt sterke reaksjonar, stort sett frå dei halda der det måtte ventast. Men korleis er det saklege grunnlaget for desse reaksjonane?
Situasjonen er at grovt rekna 90 prosent av innbyggjarane her i landet allereie lever i eit 50-tals bu- og arbeidsmarknadsregionar med over 15.000 innbyggjarar. Men dei er splitta på over 250 kommunar. For innbyggjarane i desse kommunane er det eit større problem at planlegging av arealbruk, bustadutbygging, kommunikasjonar og næringsutvikling er splitta opp, enn at reisetida til rådhuset kan bli lengre. Der småkommunar inngår i regionane, kan ein også betre kvaliteten på mange tenester ved ei samanslåing. Mange av dei samanslåingsprosessane som vil komme, handlar derfor om ei tiltrengd utvikling av kommunestrukturen i byregionane.
Når det gjeld dei siste 10 prosentane av innbyggjarane her i landet, bur 5 prosent i rundt 25 regionar med 9–15.000 innbyggjarar, resten i knapt 90 regionar med færre enn 9.000 innbyggjarar.
For den første gruppa bør det vere godt rom for politisk skjønn når ein skal finne fram til ein god kommunestruktur. Samtidig kan ein del av desse områda med 10–15.000 innbyggjarar vere velfungerande bygderegionar. Her må ein vege ulempene med å løyse eit fåtal oppgåver interkommunalt opp mot ulempene ved å konstruere storkommunar som ikkje heng i hop. Det kan bli mange politiske konfliktar av det siste, særleg dersom nye storkommunar skal omfatte konkurrerande sentra.
For mange interkommunale samarbeidsordningar kan utgjere eit demokratisk problem, men ein rimeleg stor kommune vil klare å handtere nokre få slike ordningar på ein god måte.
Dei vanskelegaste avvegingane gjeld dei 90 minste regionane, med rundt 5 prosent av innbyggjarane. Dei har store avstandar til større sentra, og dei er for små til å yte alle lovpålagde tenester på ein fullgod måte. Mange av dei er samansette av berre ein kommune, nokre består av to-tre grannekommunar, utan at dei blir store nok av den grunn. Ein del av dei kan integrerast i større regionar gjennom utbygging av betre kommunikasjonar, men det gjeld slett ikkje alle. Dessutan trengst det tid og pengar om ein skal binde utkantområda saman.
Ut frå eit prinsipp om at alle kommunar skal ha ansvaret for dei same oppgåvene, blir valet mellom samanslåing og grensebevaring lett eit val mellom pest og kolera. Dette generalistprinsippet har til no lege til grunn for organiseringa av norsk kommuneforvaltning.
Både Vaboutvalet og Flæteutvalet, som greier ut ny kommunelov, har som mandat å legge dette prinsippet til grunn for arbeidet sitt. Spørsmålet er likevel om vi ikkje må godta at ulike kommunar kan ha ulike oppgåver, og innrette styringsordninga etter det.
Vi kan sjå for oss ein kommunemodell der dei minste kommunane får ansvaret for politisk styring og ein del kjerneoppgåver, som utdanning, pleie og omsorgstenester. Så kan dei bli pålagde å inngå i interkommunale samarbeid eller kjøpe tenester av ein større vertskommune når det gjeld oppgåver dei ikkje kan ta ansvaret for på eiga hand. Ei slik løysing vil truleg gi den beste avveginga av omsyna til demokrati, funksjonell regionalisering og god tenestekvalitet.
Vi treng ei kommunereform her i landet. Men ei reform må vere fleksibel nok til å ta innover seg at Norge er eit land med store indre variasjonar. Då tyder mykje på at kommunereforma må byggje på eit farvel til generalistkommunen. Alternativet er truleg at reformprosessen går i stå, saman med meir styring av kommunane frå staten si side. Og det var vel ikkje det som var målet?