Debatt

Er vi budd på korrupsjon i lokalforvaltninga?

Skal vi også i framtida basere oss på at ressurssterke medieorgan, pågåande journalistar og andre tale- og skriveføre personar skal avsløre korrupsjon?

Folk flest har vel hatt ei oppfatning om kva korrupsjon er, og kanskje også i kva sammenhengar den forekjem. Men korrupsjon har nok mest vore vurdert som «noko» som høyrer til under fjernare himmelstrok - og kanskje aller minst i Norge.

Stor var overraskinga - og i visse krinsar irritasjonen også - då spesialrådgivar Eva Jolie for nokre få år sidan hevda at vi her i landet kunne vente store korrupsjonsavsløringar. Ho har dessverre fått rett, men i si tid fekk ho frå fleire hald nærast klår melding om at ho, folkeleg sagt, «ikkje måtte komme her og komme her».

Det verkar utruleg, men det var først i 2003 ved utforminga av eit nytt tillegg i ein lov at omgrepet korrupsjon blei brukt i ein lovtekst, og dergjennom ein offisiell definisjon av omgrepet. Etter dei nye straffereglane mot korrupsjon, som blei innførte 4. juli 2003, blir korrupsjon definert som «å gi/tilby eller kreve/motta/akseptere en utilbørlig fordel i anledning stilling, verv eller oppdrag».

Det er altså ikkje eit vilkår at den utilbørlege fordelen kan knyttast til ei bestemt handling eller unnlating. Det er tilstrekkeleg at den har samanheng med ein person si stilling, verv eller oppdrag. Etter dei nye straffereglane, er korrupsjon i offentleg og privat sektor likestilt.

I 2003 blei det også innført reglar som får verknad for såkalla påvirkingshandel. Desse reglane set forbod mot å gi eller tilby eller kreve/motta/akseptere ein utilbørleg fordel for å påvirke ein annan person si utføring av verv eller oppdrag i kraft av si stilling. Slik ulovleg påvirkingshandel kan forekome i tilfelle kor ein person kan være i stand til å påvirke ein beslutningstakar, og utnyttar denne stillinga til å kreve eller motta utilbørlege fordelar.

Går vi til dei kommunale «arenaene», må vi nok kalle desse for risikoområde i denne samanhengen.

Det er fleire aspekt og sammenhengar ved korrupsjon i lokalforvaltninga som er interessante.

Det eine er at t.d. underslag har eit realøkonomisk motstykke. Ressursene som då blir tappa frå forvaltninga og går i private lommer, kunne hatt ein alternativ bruk. Desse ressursane kunne nyttast til ytterlegare utbygging av velferdtenester til befolkninga. Slik korrupsjon får då også ein sosial fordelingseffekt innanfor eit budsjettstyrt forvaltningssystem. Dei største taparane ved slik korrupsjon er kanskje den delen av befolkninga som er mest avhengig av offentlege tenester og treng dei mest. Dette må vi derfor også vurdere som moralsk forkasteleg. (Innan økonomisk teori - velferdsteori - kan dette teknisk forklårast ved at «grensenyttetapet» for desse gruppene er større enn for andre grupper.)

Om korrupsjon av denne typen er så omfattande i vår del av verda at velferdstapet det her tale om blir merkbart, får her vere eit ubesvart spørsmål. Men sammenhengen gjeld. I ein del utviklingsland er nok effekten av slik direkte «tapping» sterkare og tydeleg merkbar.

Eit anna aspekt går på det som eg vil kalle «tytet» om korrupsjon. Dette heng saman med at ein kan ottast at temaet blir så allminneleggjort og kanskje til dei grader intellektualisert at hovudpoenga etter kvart går tapt. Det blir altså meir vanleg, noko ein nærast «bør rekne med». Det kan derfor vere grunn til å minne om det etter kvart er blitt åpna ein marknad-nisje på området. Og då gjerne med spesialistar av ulike slag, konsulentfirma - og anna fint og ikkje minst godt betalte folk - som forelesarar.

Kåre Valebrokk var inne på noko av det same på eit seminar som kommunaltretta finansieringinstitusjonar hadde i no i sommar i Bodø. Han sa direkte at bruken av omgrepet «etikk» verka framandgjerande i høve til det som er problemstillingane. Han ville heller nytte omgrepet «moral». Då ville folk kjenne seg meir heime, og undertemaene kom då lettare i rett rekkefølgje. Dette illustrerte han godt med konkrete eksempel.Som eksempel på «tapping» av offentlege kasser vil eg minne om to kjende eksempel frå den seinare tid, nemleg Undervisningsbygg i Oslo og vatn- og avløpsverksemdene på Nedre Romerike. Desse eksempla har nokre likheitstrekk.

Den tidlegare leiaren av Statens Pensjonsfond greip fatt i saka om Undervisningsbygg og framhevde ein vesentleg sammenheng - nemleg ansvarsforholda - og gjekk ut offentlig med «brei penn» om desse. Relasjonane mellom dei ansvarlege blei og fokusert.

Verksemdene på Nedre Romerike blei avslørt av Aftenposten. Utan pågåande journalistikk, hadde saka neppe blitt avdekt slik som ho blei. (Terra-sakene kjem i same kategori, men dei har vore såpass omtalte i det siste at eg skal la dei ligge her.)

Det som er ein tankekross i kjølvatnet av desse, no godt kjende sakene, er at det var instansar utanfor kommunalsystemet som fekk merksemd retta mot dei. Dei interne og eksterne tilsynsystema fanga ikkje opp tilfella!

Skal vi også i framtida basere oss på at ressurssterke medieorgan, pågåande journalistar og andre tale- og skriveføre personar skal avsløre slike «utvekstar»? Eller skal vi innrette kompetente tilsyn- og kontrollorgan og innretningar som med større sannsynlegheit kan fange opp tilfella?

Eg er ikkje i tvil om mitt svar.

Powered by Labrador CMS