Debatt

Er du mest Isak eller August?

Alle som har evne til å åpne andre bøker enn lommeboka bør lese Knut Hamsun. Om att og om att. Det skal faktisk ikkje så mange timedoser Hamsun til før du er eit litt klokare menneske. Han er makelaus til å få oss til å skjønne kven vi er. Er du til dømes mest Isak eller August?

Eg vil rå deg til å stupe deg inn i spesielt fire Hamsun-bøker. For i desse vil du oppdage korleis fortidsånda og nåtidsånda kontinuerleg brakar saman og kva dette gjer med oss. Og om ikkje eg i denne artikkelen klarer å overtyde deg om at det Knut Hamsun skreiv i dei første tiåra av førre hundreåret framleis gjeld i fullt monn, så kan eg garantere at du blir det, etter å ha lese følgjande romanar: Markens grøde, Landstrykere, August og Men livet lever.

Her er min påstand etter å ha nylese Hamsun for åttande gong eller noko slikt: Isak Sellanrå i Markens grøde (1917) er det idealet om lag halve folket vil halde fram som det beste i den norske folkesjela. Det var slike som han som dyrka opp landet og sørgde for at vi kunne overleve. Hamsun skildrar han som «en pram gjennem skogene. (-) I flere hundrede år hadde vel hans forfedre sådd korn, det var en handling i andakt en stille og mild kveld uten vind, helst mot en miskundelig og ørliten duskregn. Isak gikk barhodet og i Jesu navn og sådde, han var som en kubbe med hender på, men innvendig var han som et barn».

Slike menn har Norge alltid ville ha. Og tok dei etterkvart på seg andre klede, og vende inntun, grend og bygd ryggen for ei stund for å bli stortingsmenn eller skiløparar, så var det aldri tvil om kva slag rotfeste dei hadde.

Dei var utan unntak skeptiske til alle andre måter å leve på enn det som dei var fødd inn og kjende ut og inn. Til gjengjeld var dei ambivalente når det gjaldt synet på ny teknikk. Isak Sellanrå hadde ei storslagen stund da han fekk si første slåmaskin, men han nekta sjølvsagt kona Inger å kjøpe symaskin, for kva skulle ho med det.

August

I åra 1911-17 var Knut Hamsun bonde på Hamarøy. Før han flytta sørover og skaffa seg herregarden Nørholm, mana han fram Isak i Markens Grøde, som vart kalla «jordbrukets». I 1920 fekk han Nobelprisen for denne romanen, som er ein av dei mest lesne i heile verda.

Seks år seinare gjekk Nobelpris-vinnaren i psykoanalyse ein heil vinter i hovudstaden. Presset vart for stort, den nye tidsånda sprengte enda hardare på innanfrå, og ut kom den i 1927 i form av ein av dei mest fascinerande skikkelser i verdslitteraturen, August.

Isak representerer det Hamsun og mange med han meiner er det naturlege, sunne og sanne liv. Augustskikkelsen, derimot, som han skriv om i Landstrykere, (1927) August (1933) og Men livet lever (1933), er oppteken av handel, aksjespekulasjon, jakt på lykketreffet, den raske gevinsten. August gir seg hen til «amerikanismen». August, denne «utsending for mekanikk og industri», er innfallsrik, men knapt trufast mot sine eigne lengslar i lengda, ustanseleg verksam som han er, rastlaus og rotlaus, mens han heile tida påverkar alle rundt seg. I tredje boka får han da også namnet «Altmulig».

Brytningar

Desse fire romanane er eminente studier av dei første brytningane mellom det patriarkalske, gjennomorganiserte og oversiktlege bondesamfunnet og det tidlege borgarlag-kapitalistiske samfunnet, som voks fram parallelt med Knut Hamsuns eige liv. Tre generasjonar seinare er ikkje, som mange ser ut til å tru, denne striden over. Rett nok møter vi i media mest berre dagens mange Augustar, enten dei står fram som tidlegare fiskar Røkke, framleis sosialdemokrat Stoltenberg, meir og meir nølande nordmann Kjuus eller ex-statsmonopoldirektør Hermansen. Vi ser tilsvarande lite til alle Isakane, men dei er aktive på sine arenaer, som er kraftig utvida samanlikna med tidlegare.

Dei har flytta frå farsgarden inn til bygdebyane, regionsentrane og storbyane. Nå sit også dei på kontor. I menneskehopen må ein som oftast sjå grundig etter før ein ser forskjell på Isak og August, men det er før dei opner kjeften. Ein treng ikkje prate lenge om nesten kva slags tema, før Isak vil vektleggje tryggleik, mens August kjem med sitt kjerneord: Utfordringar.

August har vore på offensiven her i landet heilt siden Knut Hamsuns tid. Men det faktum at eit fleirtal av det norske folk gjennom val har sagt nei til det europeiske fellesskapet to gonger på 22 år, fortel det aller meste om at striden mellom Isak og August på ingen måte er over.

Splitta folk

Vi er på mange vis eit splitta folk, fordi vi er så splitta kvar og ein av oss, slik det til dømes i desse dagar kjem til uttrykk i val av skihelger. Skal vi gå på ski på viddene der einaste kontakt med menneske helst er våre eigne skispor, eller stå i lange køer for å ta skiheisen opp og køyre i klynger ned att i den smale traseen? Er vi mest opptekne av førevarsel eller after skiing?

Stadig fleire gjer båe deler. Men vi er mest det eine eller andre. Så test deg sjølv ved å lese Knut Hamsun, er du mest Isak eller August?

Skrevet av: Ingar Sletten Kolloen