Debatt

Endring i skulen møter motstand

Skulen kan og skal ikkje vere den same til alle tider. Verda og samfunna endrar seg heile tida. Det må også skulen gjere, men endring tar tid og møter motstand.

Både dei store reformene og dei mindre kontinuerlege justeringane er nødvendige for at skulen skal fungere etter dei forventingane som er stilte til ei kvar tid. Men å endre skulen er vanskeleg. Det veit vi. Det er erfaringa frå alle land og til så å seie alle tider. Difor heiter det at dess meir du endrar skulen, dess meir blir han som før.

Eller som det også blir sagt: Det finst ikkje den endringa som ikkje kan tilpassast den undervisninga vi allereie held på med. Det er ikkje nødvendigvis reformene som endrar skulen, skulen kan justere reformene slik at dei passar inn i det som allereie skjer.

Grunnen til vanskane er at å endre skulen krev både å gjere om på organisasjonen og å utfordre personalet sine vanar, kunnskapar, handlingar og innstillingar.

Det tyder at personane og personlegdomane som arbeider i skulen må tilpassast det nye. Det tek tid og krev innsats, men også offer frå dei involverte. Det er mange dilemma knytt til det, både praktiske, økonomiske og etiske. Det er ein krevjande balansegang mellom å stille krav og forventingar på den eine sida og å få forståing og oppslutning på den andre. Difor må endring gjerast med plan og omtanke. Det er noko ein ikkje bør gjere i utrengsmål. Problemet er som regel at krava utanfrå overstig det ein kan få oppslutning om, og det ein faktisk kan få til i praksis.

Det har vorte spesielt synleg dei aller siste åra, gjennom Reform 97 og dagens reform i grunnopplæringa, Kunnskapsløftet. Begge desse reformene har brote med mange eksisterande rutinar og ordningar i skulen. Kvar for seg har dei innført mykje nytt både i planar og organisering.

Samstundes er Kunnskapsløftet ulik Reform 97 på mange område. Deler av det skulen arbeidde med under Reform 97 må leggast til side under Kunnskapsløftet, og innsatsen må gjerast andre stader. Når det lærarane har gjort før ikkje lenger er gangbart, må dei på eit vis attende til start, og ta til på nytt. Det kan vere ei påkjenning, og særleg for dei som har opplevd det før, som mange lærarar har gjennom tidlegare reformer. Det mobiliserer motstand og skaper motvilje.

Desse brota kan vere uheldige også av ein annan grunn. Erfaringa viser at det først og fremst er det langsiktige arbeidet i skulen som gir gevinst. Dei kortsikte «stunta», aksjonane, handlingsplanane, kampanjane og ekstrasatsingane verkar stort sett ikkje på lang sikt. Likevel er det eit stendig krav om nye slike. Dei nye tiltaka under Reform 97 kom t.d. mykje dårlegare ut i evalueringa enn dei tiltaka som vart førte vidare frå tidlegare reformer.

Å gje skulen ein annan kurs enn han har hatt tek tid. Det irriterer sjølvsagt dei som ventar på resultata. Det er forståeleg at både politikarar, foreldre og lærarar, for den delen, er utålmodige når det er gjort reformvedtak. Likevel må vi akseptere at det tek tid både å innføre nytt, og å kvitte seg med gamalt.

På den andre sida er motstanden mot endring også stor i skulen, nettopp fordi endring krev noko av den einskilde. For enkelte er dette sårt, dei må gje opp eigne overtydingar. Dei må legge bort noko av det dei har gjort, og som dei kanskje til og med har lukkast med. For nokre er det eit nederlag, fordi dei har trudd på det dei har gjort, og dei trur ikkje at endringane vil vere til hjelp. For andre handlar det om å ha det behageleg og å unngå det som er oppfatta som meirarbeid. Difor er det ikkje uvanleg å møte utsegner om at ein ikkje har tid eller rom for dei nye tiltaka, at endringane går ut over undervisninga osv. I det heile kan argumenta for at ei kvar endring både er uønskt og unødvendig gjerast ganske tunge og omfattande.

I samband med Kunnskapsløftet har det hagla med negative karakteristikkar av skulen, og påstandar om manglande kvalitet. Det pregar dei som arbeider der. Det er vanskeleg å stå oppreist når det nesten kvar dag kjem fram nye «opplysningar»om at ein ikkje gjer jobben sin skikkeleg. Det er dårleg politisk strategi. Ein får ikkje meir kompetanse ut av skulen ved å banke lærarane. Ein får ikkje meir kunnskapsrike elevar ved å henge ut lærarane deira som udugelege. Sannsynlegvis er det tvert om, fordi endring krev oppslutning og bruk av energi. Difor er det all grunn til og på tide å gje ordbruken og strategiane rundt reformene i skulen nye former og eit nytt innhald.

Skrevet av: Peder Haug

Powered by Labrador CMS