Debatt

Eldre må ikkje stengast inne
Verken bebuarane sjølve eller deira pårørande har mykje hjelp i den såkalla verdighetsgrantien om tenestetilbodet på sjukeheimar.
Sjølv om svært mange tilsette utfører ein framifrå innsats, blir enkelte eldre utsette for vald, ulovleg tvang, seksuelt misbruk, mobbing og feilmedisinering.
På leiarplass i avisa Aftenposten av laurdag 27. desember 2014 er hovudbodskapen at «sykehjemsbeboernes rett til et verdig liv bør ikke være dårligere regulert enn hva som gjelder for hunder».
Denne bodskapen skulle det i utgangspunktet ikkje vere noko problem med å seie seg samd i. Men, spørsmålet er: Gjer vi nok for å rette opp denne skeivskapen?
Aftenposten sin leiarskribent seier det slik: «Forholdene vi tilbyr våre svakaste eldre, er blant de største skamplettene på bildet av den rike og rause velferdsstaten Norge. Temaet er høyt oppe på den politiske agendaen, spesielt i valgkamptider. Alle er enige om at vi har store forsømmelser i vår eldreomsorg. Men for lite blir gjort for å ta et skikkelig løft, og forbedringene kommer for sakte.»
Den eine rapporten etter den andre dokumenterer den svikten Aftenposten her er inne på. Ein fersk rapport frå Norsk senter for menneskerettigheter konkluderer med at det på norske sjukeheimar hender grove brot på menneskerettane. Dette er svært alvorleg!
Sjølv om svært mange tilsette utfører ein framifrå innsats med dei ressursane dei har til rådvelde, blir enkelte eldre utsette for vald, ulovleg tvang, seksuelt misbruk, mobbing og feilmedisinering. Uansett omfang er eitt tilfelle av slik omsorgssvikt eitt for mykje!
Det er god grunn til å riste på hovudet når Aftenposten nyleg påviste at vi har langt meir detaljerte reglar for aktivisering, mosjon og frisk luft for hundar enn for eldre på sjukeheimar.
For all del: Det er svært bra at Mattilsynet har reglar for hundehald som omtalar minimumsgrenser for kor mykje mosjon og aktivisering ein hund skal ha for at det ikkje skal innebere brot på dyrevelferdslova. Misforstå meg ikkje! Eg vil likevel peike på at det i regelverket står at for dei fleste hundar vil det ikkje vere tilstrekkeleg mosjon berre å sleppe dei ut i hagen. Eg er overtydd om at dette er ei rett presisering. Eg nemner dette forholdet berre for samanlikninga si skyld.
Aftenposten skriv det slik: «Men mange sykehjemsbeboere kommer ikkje så langt en gang. De blir sittende passive innenfor sykehjemmets vegger, fordi personalet ofte ikke har kapasitet, og noen ganger heller ikke vilje, til å gjøre den ekstra lille anstrengelsen det er å hjelpe dem ut.»
Verken bebuarane sjølve eller deira pårørande har mykje hjelp i den såkalla verdighetsgarantien om tenestetilbodet på sjukeheimar. Der står det berre at dei eldre skal ha «adgang til å komme ut». Dette er ein lite forpliktande ordlyd. Eg vil tru at dei aller fleste er samde i at sjukeheimsbebuarane sin rett til eit verdig liv ikkje bør vere dårlegare regulert enn det som gjeld for hundar.
Når dette er sagt, finn eg grunn til å peike på at det i mange høve blir gjort ein framifrå innsats ifrå dei mange tilsette si side, frå pårørande, frå frivillige lag og organisasjonar og enkeltpersonar når det gjeld å få institusjonsbebuarar med på aktivitetar ute og høvelege turopplegg elles.
Retten til sjukeheimsplass er ikkje lovregulert. Føre siste stortingsval hadde partia Frp og KrF med på sine partiprogram lovfesting av rett til sjukeheimsplass ved behov. Den partipolitisk nøytrale organisasjonen Pensjonistforbundet, med sine over 200.000 medlemar, vedtok på sitt landsmøte i Stjørdal i 2012 å be regjeringa om arbeide for å få i stand ei ordning med lovfesta rett til sjukeheimsplass ved behov.
Det som har skjedd så langt, slik eg kjenner til det, er at regjeringa i februar 2014 vedtok å greie ut lovfesta rett til heildøgns pleie og omsorg, forsøk med statleg finansiering og redusering av prisen for dei som må bu på dobbelrom mot sin vilje. Så får vi håpe at dei konkrete vedtaka kjem etter kvart.