Debatt
Eit sjølvstyre med meirverdi
Rikspolitikarane vil ikkje halde ei vernande hand om det kommunale sjølvstyret slik vi kjenner det, av nostalgiske og idealistiske grunnar. Skal kommunane framleis spele ei viktig rolle for velferdsstaten, lyt dei synleggjere at dei er betre eigna for oppgåva enn andre tenkjelege alternativ.
Ein sein junikveld straks før ferien står ein engasjert, velartikulert mann på landets viktigaste talarstol. Stortinget skal endeleg diskutere den maktutgreiinga som er avslutta tre år i førevegen. Mannen på talarstolen nyttar av den tilmålte tida til å snakke varmt om det kommunale sjølvstyret, som han definitivt er ein sterk tilhengar av. Han understrekar behovet for å desentralisere makt til kommunane, og nyttar høvet til å raljere over medrepresentantar som detaljstyrer lokalpolitikarane.
- Hvis vi skal desentralisere og mener noe med det, betyr det at vi må akseptere at noen kommuner velger å bygge for eksempel mange barnehageplasser og ingen eldrehjem, mens en annen kommune sier nei til barnehageutbygging og bygger mange aldershjem, forklarar han.
Han poengterer vidare at han sjølv og hans parti vil akseptere at kommunane prioriterer ulikt, utan å gripe inn med styringsinstrument og pålegg.
Kven er så denne mannen som talar så vakkert om det kommunale sjølvstyret? Namnet hans er Carl Ivar Hagen, og den observante lesaren vil nok skjøne at det har gått ei tid sidan desse orda vart ytra. Året var 1985, og sidan den gong er den mørke fargen i håret til Hagen forsvunnen, det same er dei lyse tankane om det kommunale sjølvstyret. I dag argumenterer den halvvegs abdiserte Frp-kongen energisk for eit meir direkte statleg ansvar for velferdsoppgåver som til no har vore løyste av kommunane.
Poenget med å kome trekkjande med dette gamle sitatet, er ikkje å «arrestere» Hagen for å ha endra meining. Å skifte syn kan i mange tilfelle vere fortenestefullt. Nei, poenget er å syne at haldningar endrar seg over tid, og at det ikkje minst gjeld haldningane til det kommunale sjølvstyret.
Som historikar er eg vorten kjend med over 100 år med prinsipiell kommunalpolitisk debatt. Kjeldene syner at det kommunale sjølvstyret har vore rekna som ein umisteleg politisk verdi størstedelen av denne hundreårsperioden, trass i at aktørane ofte har vore rasande usamde om kva «sjølvstyre» eigentleg inneber. Kjeldene syner òg kva som er grunnen til entusiasmen: Det har ikkje eksistert nokre fullgode alternativ til kommunal oppgåveløysing, iallfall ikkje før i nyare tid.
Har du nokon gong undra deg over kvifor den velferdsstaten som voks fram etter 1945 i så stor grad baserte seg på kommunen? Forklaringane er mange, men den viktigaste er at ingen var betre skikka til oppgåva. Ein kan knapt tenkje seg korleis staten dei fyrste tiåra etter 1945 skulle makte å opprette sitt eige apparat til å forvalte alle uttrykka for offentleg omsorg. Kvar skulle ressursane og kompetansen kome frå, og korleis skulle små og store vegval gjerast av byråkratar utan høve til å gjere lokalpolitiske vurderingar? Lista over uoverstigelege hinder kan gjerast lang.
Kommunen, derimot, fanst der ute allereie; han hadde høg legitimitet og var ikkje ukjend med velferdstiltak. Ein nasjonal politikk som vart kanalisert gjennom kommunen, fekk ein meirverdi. Folket gjennom deira lokale utvalde vart engasjerte i arbeidet med å skape nasjonal politikk om til lokal røyndom. Det lokale initiativet og den lokale dømekrafta vart teken i bruk, og dette gav eit langt betre resultat enn eit reint byråkratisk iverksetjingsapparat ville ha gjeve. Idealet om det kommunale sjølvstyret vart gjennom velferdsstaten omskapt og vart i røynda eit rammestyringsideal.
At kommunalt sjølvstyre som reiskap for staten gav ein meirverdi, var ei ålmenn sanning på femtitalet, sekstitalet, syttitalet og åttitalet, men så…
Hagen er slett ikkje åleine med å ha fått ei lunken haldning til det kommunale sjølvstyret dei siste 10-15 åra. Det som tidlegare var sjølve føremonen med kommunen som reiskap for staten - at han sjølv var politisk og gav den nasjonale politikken eit lokalpolitisk tilsnitt - vert no i større grad oppfatta som ei ulempe. Mange har tilgjengjeld fått større tillit til statens evne til å «gjere jobben på eiga hand», eventuelt til å stille som finansiell garantist for at den einskilde får kjøpe velferdstenester. Overføring av alle landets sjukehus til staten var for dei aller fleste ein absurd tanke i 1985, den gong Hagen talte varmt om sjølvstyret, men «det absurde» var realitet i 2002. Haldningar endrar seg.
Mange ville nok oppfatte det som ei lette om kommunen kunne frigjerast frå tyngslene av å velferdsstatens fyrsteskanse. Behovet for å gje velferdsstaten lokal forankring og tilskot av lekmannsskjønn, synest ikkje lenger vere argument godt nok for å halde fast ved det nære sambandet mellom kommunen og velferdsstaten. Dei som ynskjer ein kommune som også i framtida skal ha ein viktig funksjon for iverksetjing av nasjonal politikk, må syne at kommunane også i dag gjev ein meirverdi samanlikna med tenkelege alternativ; at kommunal forankring av oppgåveløysinga er ein føresetnad for, og ikkje ein motsats til effektivitet, kvalitet og velferd. Maktar ein ikkje dette, vil krava om statleggjering auke i styrke.