Debatt

Dette er ei bok som gjev innsikt. Veikskapane handlar stort sett om forma, om måten teksten er disponert på, skriv Yngve Flo.
Dette er ei bok som gjev innsikt. Veikskapane handlar stort sett om forma, om måten teksten er disponert på, skriv Yngve Flo.

Eit liv i spenning

KS har fått sjela si granska av Andreas Hompland og Jon Helge Lesjø, og det er godt nytt både for organisasjonen sjølv og alle oss andre.

Publisert Sist oppdatert

Eg må vedgå at eg er spesielt svak for «kommunemannen» Kjell T. Evers. Framstillinga av mannen er like fargerik som mannen sjølv.

Nyutgjevne «Konstante spenninger» syner spennvidda og motsetnadene i KS, og boka spenner sjølv frå det kommunegrå til det fargesprakande.

Eg er fullt klar over at det høyrast i overkant nerdete ut, men eg er faktisk ein av dei som har venta i spenning på den KS-historia som har vore i emning ei tid. Og då eg fekk tilbod om å tjuvkike på sluttproduktet nokre dagar før lansering, mot lovnad om å avleggje dom over verket i Kommunal Rapport, makta eg ikkje å seie nei.

Etter formaningar frå avisa om å halde meg innanfor det strengt tilmålte ordomfanget, ser eg ikkje anna råd enn å gå rett til hovudkonklusjonen: Dette er ei bok som innfrir gjennom ei grunngjeven framstilling av korleis KS er konstruert.

Og eg tenkjer då ikkje primært på anatomien, den formelle, organisatoriske oppbygnaden, men på sjelelivet: KS er ein organisasjon som lever i eit konstant spenningsfelt; mellom omsyn, roller og posisjonar som står i motsetnad til kvarandre, og der det gjeld å finne ein mellomveg – slik at KS, trass alt, kan fungere som éin organisasjon.

Talet på varige spenningar er sju, altså like mange som det finst dødssynder. Sjølv om mange sikkert vil innvende at fleire av spenningane er velkjende – som mellom det «politiske» og «administrative» KS, mellom behova for partipolitiske markeringar og konsensusbasert einskap, mellom rolla som interesseorganisasjon med brodd mot staten og rolla som samarbeidspartnar med nett den same staten – er det essensielle at spenningane er systematiserte og truverdig underbygd gjennom døme.

Boka «Konstante spenninger» er på sitt beste i andre halvdel, der vi ikkje berre finn framstillinga av dei varige spenningane, men også ein bolk der sentrale menn og kvinner i organisasjonen er framstilte; i form av intervju for dei som framleis vandrar blant oss i levande live.

Eg må vedgå at eg er spesielt svak for «kommunemannen» Kjell T. Evers. Framstillinga av mannen er like fargerik som mannen sjølv, om enn eg mistenkjer at forfattarane må ha slite med å finne dei rette orda for å karakterisere Evers' omgang med representasjons- og kunstinnkjøpsmidlar.

Også tidlegare KS-leiar Halvdan Skard overraskar, gjennom friske karakteristikkar av storbyane (tidvis «arrogante») og fylkeskommunane (tidvis «tafatte»).

Den observante lesar har sikkert allereie gjennomskoda at eg, ved å framheve andre halvdel som den beste, stiller meg noko meir kritisk til fyrste halvdel. For det er diverre slik at nettopp dei om lag 135 sidene som innleiar boka under tittelen «Historien», i alt for stor grad er teikna i kommunegrå sjatteringar.

Det mest positive er at Hompland og Lesjø gjennomgåande freistar å syne korleis historia til KS (og forløparane) speglar den ålmenne kommunehistoria, men forfattarane er elles påfallande lite til stades i teksten med forklaringar, utdjupingar og referansar til «det store biletet», og overlèt lesaren i altfor stor grad til seg sjølv – trass i at dei tydeleg demonstrerer i bokas andre del at det ikkje er innsikta det skortar på.

Eitt utslag er at vi, med unntak av knappe kommentarar knytt ulike interesser i kommuneinndelingsspørsmålet, ikkje får noko truverdig forklaring undervegs på kvifor bygde- og bykommunar så lenge heldt seg med kvar sin interesseorganisasjonar – og heller ikkje, med unntak av at saka no var «moden», at dei slo seg saman til Norske Kommuners Sentralforbund i 1972.

Teksten er stundom så knapp at det verkar irriterande. Det vert til dømes nemnt (to gonger!) at Pressedirektoratet under krigen kravde at Kommunalt Tidsskrift nr. 2 for 1941 skulle beslagleggast og redaktøren straffast for den redaksjonelle leiarartikkelen, utan eitt ord om kva det var i artikkelen som provoserte nazistyresmaktene.

Det som for meg framstår som den største veikskapen ved boka, er tilsynelatande produkt av eit medvite redaksjonelt val. I den innleiande lesarrettleiinga frå Hompland og Lesjø åtvarar dei nærast mot å lese boka frå perm til perm, og synest leggje til grunn at dei fleste vil lese henne sprangvis, kanskje som oppslagsbok eller referanseverk.

Det kan så vere, men eg vågar påstanden at boka hadde vore endå meir fagleg solid og lesarvennleg om forfattarane kunne ha servert oss dei sju spenningane allereie frå starten, og brukt desse som reiskapar i den fortløpande framstillinga av KS-historia.

Personportretta og intervjua er som nemnt gode, men ville også ha kome endå meir til sin rett om dei var ein integrert del av den historiske framstillinga.

Eg sluttar der eg startar: Dette er ei bok som gjev innsikt. Veikskapane handlar stort sett om forma, om måten teksten er disponert på.

Og skal eg gje mi eiga, private lesarrettleiing, må det vere: Les boka «bakfrå», start med spenningane og les deretter om personane – då er du mange hakk betre rusta til å forstå den historiske gjennomgangen som innleiar boka.

Bok

Konstante spenninger
KS i den norske modellen

Forfattarar:
Andreas Hompland og Jon Helge Lesjø
Oppdragsgjevar: KS
Utgjevar: Kommuneforlaget
298 sider

Powered by Labrador CMS