Debatt

Ein trygg skulekvardag er viktig!

I Bondevik si samarbeidsregjering var mellom anna både ein god skulepolitikk og tiltak mot mobbing og vald i skulen og i samfunnet elles høgt prioriterte saker, som faktisk blei gjort noko med.

Den raud-grøne regjeringa talar og varmt for ein god skule med trygge og gode forhold både der, og også i samfunnet elles. Men at politiske talemåtar er ein ting og mogleggjering for praktisk handling noko anna, ser me tydeleg nå når regjeringa gjer det vanskeleg eller umogleg for mellom anna i alt ti skular bare i Telemark å halde fram ordninga med å ha sivilarbeidarar som miljøarbeidarar i skulekvardagen. Dette fordi den økonomiske subsidieringa frå statleg hald til ordninga blir redusert så sterkt at skulane ikkje ser seg i stand til å halde fram med ordninga av økonomiske årsaker.

Miljøarbeidaren si rolle i skulen er viktig, fordi all erfaring viser at med positivt ungdommeleg vaksne til stades i skulen, også i fritida utanom undervisninga, vil grobotn for mobbing og valdsepisodar og andre negative ting bli betydeleg svekka, til fordel for eit trygt og inkluderande skulemiljø.

- Det hjelper lite i denne samanhengen at statsministeren nå går ut å vil hjelpe dei han kallar skuletaparar, ved å innføre spesialundervisning allereie frå 1. klasse…!

Skrevet av: Jon Ingebrigtsen

Powered by Labrador CMS