Debatt
Effektivitet, ja men kva med kvalitet?
Teknisk berekningsutval (TBU) har, etter bestilling frå Kommunaldepartementet, lagt fram tal som syner kven kommunar som er mest «effektive» innan helse-/omsorgstenesta, skular og barnehagar.
Kommunal Rapport nyttar tala utan å ta omsyn til dei innvendingar som TBU seier er nødvendige for å kunne samanlikne seg med andre. Effektiviteten er rekna ut frå aktivitetsutvikling, produktinnsats (vareinnsats) og utførte timeverk. Tala er vurdert ut frå eit bedriftsøkonomisk perspektiv og ikkje eit samfunnsøkonomisk.
Skedsmo er den kommunen som kjem best ut i denne utredninga. Men ordføraren i Skedsmo seier at «mange folk bor tett - det tilsier at kommunen kan vera effektiv».
Det er ikkje nokon overrasking at Vinje kommune kjem dårleg ut. KOSTRA-tal (KOmmune-STat-RApportering) har i alle år synt at Vinje nyttar store ressursar pr. innbyggjar. Kva er målet med ei slik berekning, når den ikkje kan lese storleiken på kommunane, demografi, kvalitet på tenestene, barnehagedekning eller korleis kommunane er organisert? Ynskje er at det skal bu folk i distrikta - og i utkantkommunar med få innbyggjarar, så kan ein ikkje vente å få «effekt» ut av kvar krone? Ynskjer vi eit samfunn der stoppeklokka er viktigaste reiskap til dømes i omsorgstenestene?
I Vinje ligg vi på topp når ein ser på levekårsindeksen. Dei siste tal frå NAV, syner at kommunen har det lågaste sjukefråværet i Telemark med 3,8 prosent. Vi har også den lågaste arbeidsløysa i Telemark med 0,8 prosent. Dette er viktige tal, fordi dei seier noko om livskvaliteten til folka som bur i kommunen.
Vinje kommune er i areal 1,5 gong større enn Vestfold fylkje og med ein spreidd busetnad. Kommunen har god økonomi som gjer at ein kan halde oppe skular, helse- og omsorgstilbod og barnehagar i fleire delar av kommunen. Sjølv om ein dei siste åra har lagt ned fleire skular, så har vi framleis fem skular og fem barnehagar i Vinje. Talet på ungdomskuleelevar tilseier at vi kunne hatt ein ungdomsskule. Det hadde betydd færre lærarårsverk, mindre administrasjon og meir «effekt» ut av kvar krone, men lange reisevegar for barn.
Vi har i tillegg full barnehagedekning. Det tilseier også at ein må ha ein bemanning som sikrar at folk får plass.
Å drive tre lækjarkontor for 3.700 innbyggjarar er lite kostnadseffektivt. Men dette er bevisst politikk frå dei folkevalde. Dei ynskjer å nytte kommunens gode inntekter til desentraliserte tilbod til brukarane. Ved å sentralisere disse tenestene, så kunne ein lagt mykje av kostnadene over på staten via trygdemidlar (transport etc.) og ein hadde spart fleire årsverk og meir driftskostnader.
Ein heimebuande i særs grisgrendte strok i kommunen, som treng hjelp frå omsorgstenesta, må også få dette. Han/ho kan vera den einaste som treng heimehjelp i dette området. Denne type besøk kan ofte ta fleire timar med reise og tenesteyting.
No treng det ikkje alltid å vera ein samanheng mellom kvalitet og ressursbruk. Vinje kommune har vore med i KS sitt effektiviseringsnettverk for skule og omsorgtenestene, der vi har sett på samanhengen mellom ressursinnsats og kvalitet. Og der kjem kommunen godt ut. Ved bruk av KOSTRA-tal (innsatsfaktorar) målt opp mot brukarundersøkingar (resultat) - syner det seg at vi har høy kvalitet på tenestene innan disse sektorane. Vi har også eit av landets høgaste dekning innan institusjonsplassar - og gir tilbod til fleire brukarar enn det som er normalt i andre kommunar.
I Vinje kommune har vi hatt ein stor nedbemanning i løpet av dei siste seks år. Tal frå 2002 syner at Vinje låg på topp i landet over nedgang i lønsvekst. Vi har også effektivisert drifta ved å omorganisere til eigne einingar (flat struktur). Vi har lagt om frå institusjonsdrift til å gje fleire omsorg i heimane. I 2005 blei vi også årets servicekommune, noko som vi er stolte av.
Ein kan jo merke seg at nokre av kommunane som ligg på topp i effektivitet, står på ROBEK- lista. Ein vågar tru at disse kommunane kanskje heller ville stått lengre ned på effektivitetslista og kanskje hatt betreøkonomi pr. innbyggjarar? Nokre av disse kommunane kjem også lågt ut på levekårsindeksen (mykje sosialhjelp, mange personar på stønad, høg arbeidsløyse etc.).
Kvaliteten på tenestene er altså ikkje tekne med i rapporten frå Teknisk berekningsutval. Ein kan spørje seg kva det er Kommunal- og regionaldepartementet er ute etter, når dei har bestilt denne rapporten? Ynskjer dei meir sentralisering og færre kommunar?