Debatt

Dødsdom over mellomnivået?

Norsk Respons har, på oppdrag frå Unio, gjort ei undersøking om folk sitt syn på dei tre norske styringsnivåa. Spørsmåla var retta mot innverknad på eigen kvardag, og kva for nivå som bør ha størst ansvar for velferdsoppgåver. For oss er dette aktuelle innspel i den pågåande debatten om styringa av Noreg.

Det fylkeskommunale nivået skårar langt lågare enn både det nasjonale og det kommunale på begge spørsmåla. 47 prosent seier at det statlege nivået bør ha størst innverknad på innhald og kvalitet i velferdstenestene, 29 prosent seier at kommunane bør ha størst innverknad, medan 7 prosent svarar det fylkeskommunale nivået. Fordelinga er om lag den same når det gjeld kva for nivå som har størst innverknad på eigen kvardag.

I ein del mediekommentarar er dette, særleg frå tilhengarane av to nivå, tolka som ein dødsdom over mellomnivået. Det er det neppe grunnlag for. Fylkeskommunalt nivå skårar til dømes nesten like høgt som kommunalt nivå når nest høgst innverknad på velferdstenester blir rangert (høvesvis 26 og 31 prosent). Og det er overraskande at nesten ein av ti meiner fylkeskommunen bør ha størst ansvar for velferdstenester.

Likevel er det neppe tvil om at mellomnivået er svakt forankra hos folk flest. Det er det mange årsaker til, mellom anna at det stort sett er sentralpolitikarar vi stadig ser og høyrer i debatten om velferd og økonomi. Dei sit også på pengesekken.

Unio er i utgangspunktet tilhengar av tre folkevalde nivå. Ei av årsakene til det er at vi meiner at ei tung satsing mellom anna på kunnskapspolitikk er tent med tre nivå som drivkrefter. Kommunane skal drive barnehage og grunnskule, mellomnivået bør ha ansvar for vidaregåande opplæring og staten har ansvaret for universitet/høgskular/forsking.

Nettopp i lys dette, er vi forundra over at fylkeskommunane ikkje har forvalta sitt hovudområde meir offensivt dei seinare åra. Fylkeskommunane har endå svakare økonomisk vekst enn kommunane, men har tilsynelatande slått seg til ro med det. Kvar har ambisjonane vore etter at dei miste sjukehusa?

Mellomnivået står ikkje fram som den tunge og utviklande velferdsaktøren det kunne ha blitt. Dermed har motivasjonen og mulegheitene for å tillegge mellomnivået fleire og tyngre oppgåver blitt svekka.

Skrevet av: Anders Folkestad

Powered by Labrador CMS