Debatt

Det handlar om å bry seg...

Kommunalt samarbeid kan vera eit fyrste steg på veien mot kommunesamanslåing, på godt og vondt.

Dersom kommunene er så små folketalsmessig og så ressurssvake at dei ikkje er i stand til å opprettholde nødvendige funksjonar og yte innbyggjarane den service og dei tjenester dei har krav på og som samfunnet føreset, er dette svært alvorleg og gode grunnar for å gjere noko med.

Dette er oppgaver og reformer m.v. pålagt av statlige og regionale organ, uten at nok penger til gjennomføringa følgjer med som er hovudårsaka til dette, blir det hevda, og delvis med rette.

Derimot blir det sjelden trukket fram som eit argument at årsaken kan vera for svak skatteinngang frå eigne innbyggjarar, eller sagt annleis: for liten inntektsbringende aktivitet.

Heller ikkje årsaker som investeringer i unødvendige prestisjeprosjekt og annan uansvarlig økonomisk hushaldering og byråkratisk overbemanning, blir nemnd. Eit samarbeid nabokommuner imellom, og der ein sporeier tenesteytande funksjonar på fleire steder eller slår saman etatar og kontor uten å redusere talet på politikarar og ikkje minst byråkratar, representerer ikkje noko svært stort økonomisk innsparingspotensial og gjev heller ikkje betre service, fordi dette vil krevje høg bemanning, mykje kontorplass og eit flakkande og spreidd tenestenett.

Det dette imedan viser er at behovet for samanslåing til større kommuner er til stades. Fyrst da vil reelle innsparinger vera mogleg, fordi ein får relativt mindre administrasjon og færre byråkratar og fleire skattebetalarar til å halde liv i ei meir effektiv tjenesteyting.

Sjølvsagt har kommunesamanslåing og endring av administrative grenser og kommunesentra m.v. også mange minussider og smertefulle terskler. Dersom desse synes uoverstigelige, kan uansett ikkje alt bli ved det gamle.

Kanskje veien å gå er å sjå ein gong til på om ein likevel kan gjere tiltak i eigen kommune som ikkje framtvingar samarbeid eller samanslåing. Kanskje andre enn valde politikarar og tilsette byråkratar har gode idear som ingen har tenkt på. Folkemøte, idedugnader og grasrotengasjement som er flinke til å snu steinkar kan vera utløysande faktorar her, som bør prøvast. Men da gjeld det å bry seg. Og viljen til det må komme frå eige hjarte, hjerne og hender. Det politiske og administrative miljøet kjem ikkje alltid med slike invitasjoner til folkeleg engasjement og initiativ uten påtrykk frå grasrota. Og når det frå tid til annan blir invitera til høyringar eller folkemøte, sit mange att med kjensla av at mykje av det som kjem fram der lett blir borte i den byråkratiske og politiske mølla, når alt kjem til alt.

Dersom stortingsvalget om knappe to år, ved sida av å bli eit nødvendig miljø- og klimaval, kan bli eit «grasrotval» der alle røysteføre bryr seg demokratisk og gjer si samfunnsmessige borgarplikt ved å røyste, kan kanskje dette utløyse ein sårt tiltrengt «ny giv» og ein optimistisk, kreativ og framtidsretta sentralpolitisk kurs til beste for kommuner som ropar på hjelp og ressurser utanfrå.

Men kanskje er ein likevel lokalt sjølvhjulpen og kanskje har ein også ressursene som trengs likevel - i alle fall dersom ein bryr seg, tar i eit tak og slår av litt på kravene.

Skrevet av: Jon Ingebretsen

Powered by Labrador CMS