Debatt

Det er også vår fjord!
Nordic Mining ynskjer å starte gruveverksemd i Engebøfjellet i Naustdal kommune, og dumpe enorme mengder slam og kjemikaliar i Førdefjorden.
Mineralet rutil blir brukt som råstoff for å framstille titandioksid, som primært blir nytta som fargestoff i maling, plast og papir, men òg i kosmetiske produkt som tannkrem, sminke og kremar. Spørsmålet er om ikkje tannkremindustrien bør klare seg utan Engebøfjellet. Her står større verdiar på spel.
Det er haldepunkt for at det herskar betydeleg uvisse om det kunnskapsgrunnlaget eit eventuelt vedtak om å dumpe avfallet i Førdefjorden byggjer på. Nordic Mining og Naustdal kommune ser derimot ikkje ut til å vere i tvil. Kvifor er det slik? Kan det vere fordi det berre er verdiskaping i ei svært snever tyding som blir teke omsyn til? Men tiltaket handlar også andre verdiar enn arbeidsplassar i Naustdal, ein breiare veg til Vevring og god aksjeavkasting for investorane i Nordic Mining.
Ingen ville tenkt tanken at ein skulle dumpe store mengder slam og kjemikaliar rett utanfor Balestrand, sentrum for fjordturismen i vårt område, eller nær større tettstader og byområde. Det ville utfordra andre verdiar for sterkt. Eit fjordsystem i økologisk balanse er ein slik verdi, men Engebøprosjektet handlar også verdiar vi så langt ikkje har sett, blitt teke med i det store reknestykket.
Dette er eit tiltak der Naustdal kommune er lokal styresmakt, sjølv om det har store og ikkje-reversible konsekvensar for dei to store nabokommunane, Førde og Florø. Men det er også vår fjord, den fjorden Naustdal kommune og Nordic Mining lettvint vil bruke som avfallsplass.
Aksen Førde–Florø har eit vekstpotensial knytt til handel, kvartærnæringar, rekreasjon og som bu og leveområde for mange menneske. Det er dette vi ser står på spel når dei meir immaterielle verdiane fjorden representerer, blir teke med i reknestykket.
I ei global verd med store økologiske utfordringar er havet ei uendeleg kjelde til matauk. Fisk og anna sjømat frå fjordane på Vestlandet står fram som ei fantastisk framtidsnæring og ei potensiell pengemaskin i seg sjølv. I Florø har ein gjennom mange år investert store summar for gjere byen til ein hovudstad for oppdrettsnæringar og maritime næringar i vårt område. Vi undrar oss over at ikkje fleire i oppdretts- og fiskerinæringane i Florø har protestert høgare og tydelegare enn tilfellet har vore. Det er trass alt deira næringsgrunnlag som blir skadelidande om Nordic Mining får bruke fjorden som avfallsdynge.
Som det har gått fram av den offentlege diskusjonen den siste tida, går det mot forbod mot dumping av gruveslam i havet, unntatt i Noreg. Dette kjem ikkje til å gå våre konkurrentar forbi. Kven vil kjøpe den fisken og dei sjømatprodukta som blir assosiert med den mest forureina fjorden i verda?
Engebøprosjektet handlar slik sett ikkje berre om verdien av rutil som fargestoff i maling, men om verdien av vestlandsfjorden som merkevare.
Det heiter altså «Førdefjorden», og vi bur i Førde. Men skal vi kunne vere stolte av det, i framtida? Vi stiller spørsmålsteikn ved verdien av merkevaren «Førde», når det automatisk blir assosiert med den siste fjorden i verda der ein får dumpe slam og kjemikaliar. Anleggsstøy og sprenging i mange år framover vil vidare redusere verdien av dette vakre området i Sunnfjord som bu- og leveområdet. Kanskje for godt.
Det seier seg sjølv at rekreasjonsverdien av denne vakre fjorden blir kraftig redusert, ikkje berre for dei som bur i sjølve nærområdet, men også for alle som bur i Sunnfjord. Det å vite at fjorden er daud, under deg, plagar kanskje ikkje alle som fer forbi med båt, men lett å drive marknadsføring av Sunnfjord som plassen å leve og bu, blir det ikkje.
Vi arbeider med forsking og høgre utdanning i Sogn og Fjordane. Det er vanskeleg nok å få aksept for at det er mogleg å bu, leve og arbeide innan kunnskapsnæringane her, om ikkje byen for godt skal bli assosiert med gruveindustriens gammaldagse tenking om ressursutnytting. Når vi fortel utanlandske kollegaer om Engebøprosjektet, blir dei djupt sjokkerte over kor primitivt det vert tenkt om verdiskaping i eit land som eigentleg burde vite betre.
Vi har i 25 år vore «landets styggaste by». Lat oss sleppe å bli byen ved «verdas mest forureina fjord», dei neste 50!
Ein av oss trefte for ei tid sidan ein norsk industrileiar som eig og driv ei suksessfull verksemd innan maritime næringar. Då han fekk fortalt kva Engebøprosjektet innebar, sa han spontant «Nei, vi er slutta med slikt i norsk industri».
Tydelegvis ikkje alle har det. Kvifor er då det slik at ei verksemd og ein kommune kan gjere slike framlegg utan at det reiser seg ein storm av protestar? Eit enkel svar kan vere at alt som blir presentert som skaping av arbeidsplassar vert heva over alle andre argument, til tross for tvitydige og usikre forskingsresultat.
Det gode svaret er at ein ventar med å ta ut rutilet til ein kan gjere det på framtidsretta måtar, slik at vi også står fram som framtidsretta samfunn. Måtte all gode krefter stå saman om dette.