Debatt

Den Gud gir et embete ...
Førde-skulen er tufta på partssamarbeid og utviklingsfokus. Vi har utvikla gode, kollektive kulturar. Dette har vi greidd trass i og ikkje på grunn av KS.
Før KS-toppane kastar oss inn i eit nytt, halselaust tariffoppgjer i 2018, bør de ta turen til Førde og sjå korleis vi arbeider.
Som tillitsvald i Utdanningsforbundet var det med blanda kjensler eg las Kommunespeilet nr. 2/2015 (frå KS, red.anm.) Eg er stolt over at Førde-skulen, med tillitsvalde, lærarar og rektorar, blei trekt fram som førebilde i artikkelen «På same lag».
Ifølgje Kommunespeilet snakkar rektor og lærarar same språk. «Det er det de kaller en kollektiv kultur», står det i artikkelen. Som hovudtillitsvald i kommunen kan eg stadfeste dette.
Men i leiaren sin viser Gunn Marit Helgesen det eg vil kalle rein ringeakt for partssamarbeidet og det store stridstemaet mellom lærarorganisasjonane og KS i 2014 – arbeidstidsavtalen for undervisningspersonalet.
Først vil eg seie at Førde kommune er eit døme på godt partssamarbeid. Her trur eg at styreleiaren i KS har noko å lære. Derfor er dette ein invitasjon: Kom gjerne til Førde og sjå kva som må ligge til grunn for å utvikle det KS spør etter. Svaret vil kanskje overraske deg. Du må byggje stein på stein.
Ein kan dessutan ikkje sjå på skule og skuleresultat isolert, utan omsyn til rammefaktorane. Ingen kan vedta å vere ein god skuleeigar. Det må handling til, og det har Førde kommune skjønt.
Vi har ein opprustingsplan for skulebygg, vi har nybygg, kontorarbeidsplassar, kvalitetssikringssystem og ein tildelingsmodell som sikrar likeverdige ressursar til skulane. Alt saman er utvikla innanfor det økonomiske handlingsrommet. Og vi er ingen rik kommune.
Det mest utfordrande er likevel at Helgesen og KS i fjor kasta Skule-Noreg ut i ei av dei mest alvorlege arbeidskonfliktane i Noreg på mange tiår – den store lærarstreiken 2014. Heile tariffoppgjeret, frå førebuingane til pressekonferansen siste dag, var ein endelaus provokasjon for lærarorganisasjonane. Når Helgesen då skriv at «De som lurer på hva som menes med å utvikle en kollektiv kultur i skolen, finner svaret i reportasjen fra Førde», byrjar eg å undrast.
For det var jo nettopp dette lærarstreiken i 2014 handla om! Kvifor kom ikkje Helgesen til Førde i fjor vår, og såg korleis kollektive kulturar kunne utviklast i praksis?
Førde-skulen er ikkje skapt etter at streiken var over 1. september i fjor. Vi har arbeidd med dette i mange år, og vi har gjort eit godt stykke arbeid. Kva slags arbeid har KS gjort?
Førde-skulen er tufta på partssamarbeid og utviklingsfokus. Vi har utvikla gode, kollektive kulturar – innanfor rammene av eit avtaleverk tilpassa skulen sin eigenart. Dette har vi greidd trass i og ikkje på grunn av KS. Før KS-toppane kastar oss inn i eit nytt, halselaust tariffoppgjer i 2018, bør de ta turen til Førde og sjå korleis vi arbeider.
KS er ingen skuleeigar. KS bygger systematisk ned skulen, mellom anna gjennom svak forståing for skulen sin eigenart. Og etter å ha lese Helgesen sin leiar i Kommunespeilet i juni 2015, lurer eg på om ho forstår noko som helst av det som skjedde i 2014. Men det er vel gjerne slik i KS som i det gamle ordspråket: Den Gud gir et embete, gir han også forstand.