Debatt

Ein ufør i politiske verv, vil få redusert trygdeutbetaling heilt fram til vedkommande er i 100 prosent lønnsarbeid, skriv Margit Hunemo. Illustrasjonsfoto: Colourbox
Ein ufør i politiske verv, vil få redusert trygdeutbetaling heilt fram til vedkommande er i 100 prosent lønnsarbeid, skriv Margit Hunemo. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Deltakinga er ikkje likeverdig

Ein uføretrygda blir rekna som ein ressurs i lokalpolitikken, men får ikkje vere likeverdig med dei andre folkevalde.

Publisert Sist oppdatert

Bør ein ufør vere glad for at ein kjem seg litt ut blant folk?

Endringane som vart gjort i folketrygdlova i 2012, er eit framifrå godt tiltak. Trass i alle gode intensjonar og vedtak, finst det likevel «manglar» ved lovverket.

Det er framifrå at ein ufør nå kan ta del i arbeidslivet utan å gå ned i uføreprosent. Det kan få mange positive ringverknader.

Dette innspelet handlar om ei anna side det kan sjå ut til at er vrien å forstå for heiltidspolitikarane. La meg forsøke å forklare:

Å vere lokalpolitikar er ikkje eit arbeid. Lokale folkevalde utfører vervet i tillegg til arbeidet på dagtid. Dersom møtetid er utanom opningstid i barnehagen, blir ekstra utgifter til barnepass godtgjort.

Ingen arbeidsgivar reduserer arbeidsinntekta til ein tilsett som er engasjert i lokalpolitikk. (Det er eigne reglar om «frikjøp» og tapt arbeidsforteneste.) Tvert om blir dette vurdert som ein positiv ressurs for verksemda.

Dersom ein uføretrygda stiller seg til disposisjon for lokalpolitiske verv, blir dette rekna som arbeidsinntekt, og det fører til trekk i utbetaling frå første krone.

Ein uføretrygda blir rekna som ein ressurs i lokalpolitikken, men får ikkje vere likeverdig med dei andre folkevalde.

Korleis kan ein forklare dette ut frå lova om «Forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne» (20. juni 2008, nr. 42)? Der heiter det mellom anna:

§ 1. Formål

Lovens formål er å fremme likestilling uavhengig av funksjonsevne.

Likestilling innebærer:

a)            likeverd,

b)            like muligheter og rettigheter,

c)            tilgjengelighet og

d)            tilrettelegging.

Loven skal bidra til nedbygging av samfunnsskapte funksjonshemmende barrierer og hindre at nye skapes.

§ 2. Lovens saklige virkeområde

Loven gjelder på alle områder i samfunnet, med unntak av familieliv og andre rent personlige forhold.

§ 18. Offentlige myndigheters plikt til aktivt likestillingsarbeid

Offentlige myndigheter skal arbeide aktivt, målrettet og planmessig for likestilling uavhengig av nedsatt funksjonsevne.

Ein ufør person er ikkje likeverdig deltakar i lokale folkevalde verv. Ein ufør i politiske verv, vil få redusert trygdeutbetaling heilt fram til vedkommande er i 100 prosent lønnsarbeid.

Kva kan ein tenke at konsekvensen hadde vore dersom ein arbeidstakar hadde fått redusert arbeidsinntekt etter storleiken på lokalpolitiske verv? Ville det ført til enklare rekruttering til folkevalde oppgåver?

Alternativt bør kan hende framtidige lokale folkevalde søke permisjon frå ordinært lønnsarbeid og bli heiltids politikar?

Endå viktigare: Har ikkje demokratiet bruk for folk med ei anna kvardagserfaring enn A4-formatet?

Er det ikkje mogleg å ha ei positiv og inkluderande haldning til ein ufør som vil – og kan – engasjere seg i lokalpolitikk?

Det nye regelverket har i seg sterke signal om at ein ufør er ein byrde for samfunnet.

Dersom ein ser endringane i folketrygdlova i eit større perspektiv, er det freistande å peike på jubileumsåra 2013 og 2014. Vi feira røysteretten for kvinner og Grunnlova. Det er ein demokratisk rett å vere med å byggje og vidareutvikle demokratiet. Kvinner har sjølvsagt ein likeverdig rett med menn.

Framleis har vi eit vegstykke att til kvinner og menn har lik lønn for likt arbeid. Og vi har ein endå lenger veg å gå før uføre får lik godtgjersle med lønnsarbeidarar for folkevalde verv.

Spørsmålet om politisk godtgjersle er framleis: Kvifor skal ein ufør få trekk i utbetalinga, når ein lønnsarbeidar får det i tillegg til si lønnsutbetaling?

Er den eine meir verdt enn den andre? Eller bør ein ufør vere glad for at ein kjem seg litt ut blant folk?

Powered by Labrador CMS