Debatt

Dei eldre og arbeidslivet

Mange lever i den trua at eldre arbeidstakarar har vanskeleg for å lære seg noko nytt og er mindre produktive. Relevant forsking viser at slik er det ikkje. Haldningane til eldre arbeidstakarar må endrast.

Mange eldre arbeidstakarar – seniorar – opplever at dei ikkje lenger blir sett på som så nyttige som før av sine arbeidsgjevarar. Dei kan oppleve at dei ikkje lenger får dei same sjansane til kompetanseutvikling og at dei heller ikkje blir gjevne same høvet til nye utfordringar eller avansement som sine yngre arbeidskollegaer. I nokre tilfelle kan arbeidsmiljøet rett og slett verke ekskluderande. (Kjelde: Arbeidstakarorganisasjonen Delta i YS). Når slikt førekjem er det ikkje bra.

Skal motivasjonen, arbeidsgleda og livskvaliteten haldast oppe må dei eldre arbeidstakarane ikkje bli gitt dårlegare arbeidsmoglegheiter enn yngre arbeidstakarar i same arbeidssituasjon. Elles kan resultatet lett bli at arbeidsgleda og arbeidsprestasjonen blir redusert. I neste omgang kan da dette føre til at den einskilde arbeidstakar vel å slutte tidlegare enn vedkomande opprinneleg hadde planlagt.

Filosofen Arne Næss har sagt det slik: «Alder er den aller minst interessante opplysning om et menneske». Denne uttalen seier oss noko vesentleg.

I Ukeadressa av 29.12.08 (s.12) kjem psykolog og førsteamanuensis Øyvind Eikrem ved NTNU m.a. med følgjande klåre bodskap: «Svært mange har mye å bidra med etter fylte 67 år. Noen vil det også, men de får ikke lov! Tenk hva enkelte sitter inne med av kunnskaper og erfaring etter et langt liv som yrkesaktiv! Og så har ingen bruk for dem! Skammelig!» Eikrem uttalar vidare: «Jeg møter 40-åringer som føler seg forferdelig gamle, men også 70-åringar som plent nekter å la seg innlemme i kategorien eldre. Opplevelsen av egen alder sitter mellom ørene».

Audun Hopland har på leiarplass i bladet Kommunike av juli 2010 uttala følgjande: «Hvorfor blir vi så ofte stemplet ut i fra alder? Vi bør ikke ha et arbeidsliv som setter folk i båser».

Pensjonistforbundet og Statens seniorråd har rådd til at aldersgrensa i arbeidslivet på 70 år blir oppheva. Astrid Nøklebye Heiberg, som har engasjert seg sterkt i dei eldre sin situasjon i samfunnet, har i eit intervju sagt det slik: «Gamle har dårligere syn og hørsel enn yngre, men forskning viser at intelligensen blir høyere med årene, ikke lavere. Det er derfor ingen grunn til ha en øvre grense i arbeidslivet. De som har tunge jobber og er slitne av å jobbe, må få slippe. Men de som har lyst til å jobbe lenger, må få lov til det».

I nyttårstalen sin 1. nyttårsdag ga statsminister Stoltenberg ros til Egil Drillo Olsen for den gode jobben han gjer som landslagstrenar i fotball i ein alder av 69 år. Dette at ein eldre person sin innsats som arbeidstakar i godt vaksen alder blir positivt omtala av landet sin statsminister er avgjort gledeleg. Etter mi meining kunne statsministeren gjerne nemnd fotballtrenaren Nils Arne Eggen og bildekunstnaren Håkon Bleken i same slengen. Desse to er også særs dyktige yrkesutøvarar i godt vaksen alder. Det finst fleire. Og bra er det!

Statsministeren sa vidare i nyttårstalen sin at dei eldre ikkje måtte finne seg i å bli pressa ut av arbeidslivet. Han rådde seniorane til å gå til sak dersom dei føler seg pressa ut av arbeidsgjevarane sine. Han var og inne på at pensjonsreformen sikrar valfridom under føresetnad av at seniorane får bli på arbeidsplassen sin. Statsministeren nemnde vidare at for 100 år sidan fekk mange 65-åringar omsorg av sine barn. I dag gir mange 65-åringar omsorg til sine foreldre, sa Stoltenberg. Til dette siste er å legge til atmange av desse 65-åringane også tek seg av barnebarn i tillegg til foreldreomsorga. Når dei også er i jobb samstundes talar vi verkeleg om å vere i ei stor tidsklemme!

La oss håpe at vi no går inn i ein «tøværsperiode» når det gjeld dei eldre og utsiktene deira i arbeidslivet.

Skrevet av: Johs. J. Vaag, folkevald og tillitsvald i frivillige organisasjonar

Powered by Labrador CMS