Debatt
Bulyst eller butvang
Landet vårt blir sentralisert i stor fart. Grender blir lagt aude. Tidlegare livfulle heimar blir feriestader nokre sommardagar.
Vi kan ikkje importere levande bygder, dei må vi sjølve skapa. Og det gjer vi best ved å finne vår eigen veg basert på geografi, folk, historie, kultur og eigne framtidsvisjonar. Vi må ikkje alltid fokusere på det andre har og som ikkje vi har, men heller få fram eigne kvalitetar og fortrinn. Vi må vere stolte av det vi har og tørre å skilje oss ut frå mengda.
Mange ønskjer å busette seg i distrikta. Ei nasjonal undersøkjing sist haust kunne fortelje at 40 prosent av dei spurte i alderen 20–24 år ønskjer seg heim att når dei skal etablere seg. NIBR fortel også om at nærare 40 prosent av personar i etableringsfasa ønskjer seg ut av Oslo-regionen om forholda vart lagt til rette for dette.
I ei undersøkjing utført på oppdrag for Landbruks- og matdepartementet nyleg, svara nesten halvparten av ungdommane mellom 15 og 25 år at dei truleg kjem til å busetja seg på landsbygda. Dette er eit svært høgt tal, sidan under 10 prosent av deltakarane i undersøkjinga bur i Distrikts-Norge i dag.
Distrikts- og regionalmeldinga som regjeringa la fram i vår, hadde eit avsnitt om fjellpolitikk. Det var prisverdig og nytt. Men avsnittet var rundt i formuleringane og lite forpliktande med omsyn til tiltak og virkemiddel. Likevel eit viktig signal om at distrikta i fjellregionane har verdiar og kvalitetar som statleg politikk vil vere med å hjelpe fram.
Det er ikkje full valfridom med omsyn til kvar folk kan bu i dag. Makt- og kapitalkonsentrasjonen rundt sentrale strøk har aldri vore større i Norge. Dette sentraliserer næringsstruktur og busettingsmønster.
Eit døme på slik konsentrasjon er IKT-industrien. IKT-industrien i Norge åleine omsette i 2008 for 207 milliardar kroner. 80 prosent av IKT-bedriftene har adresse Oslo og omland. Rett nok har mange av desse avdelingar rundt om i landet, men sentraliseringa av «dialektkompetanse» til Oslo-regionen er stor og avgjerande for at også denne industrien skal utvikle seg både nasjonalt og internasjonalt.
Norge kan ikkje styrast av marknadskreftene åleine. Da vil vi sitte igjen med eit fattigare land med konsentrert busetting nokre få stader med hovudvekt på Oslo-regionen, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø. Regionar vil bli avfolka, næringar bli avvikla og kultur- og livskvalitetar bygt ned. Det må til politisk styring som hentar inn kunnskap og som sørgjer for at distrikta får større konkurransemulegheiter enn tilfelle er i dag.
Nyetablerte arbeidsplassar i Vågå og Nord-Gudbrandsdalen elles, har dokumentert at om jobbane er der, står søkjarane i kø. Godt utdanna personar med både tilknyting til regionen og med ønskje om ein livskvalitet som gjer at dei ønskjer seg hit. Men mangel på utfordrande jobb- og karrieremulegheiter, tvingar mange til å bli i byar og bynære område mot sin vilje.
I samarbeid med Østlandsforskning, Høgskolen i Lillehammer og Barne- og likestillingsdepartementet har kommunane i Nord-Gudbrandsdalen utfordra unge jenter under utdanning på om dei ser for seg å søkje seg tilbake til Nasjonalparkriket etter endt utdanning og når dei skal etablere seg. Dei fleste ønskjer dette, men mange er usikre på om dette let seg gjere. Mangel på faglege utfordringar, mulegheiter til å nytta tileigna kompetanse og mangel på fellesskap med personar i liknande livsituasjon, vart brukt som usikre faktorar.
Distrikts-Norge er avhenhig av at jenter vel Distrikts-Norge i framtida. Viss ikkje tapar desse kommunane kampen om innbyggjarane. Jentene er ifleirtal ved nær alle høgare skoleslag og universitet i landet, dei er på full fart inn i styrerom og leiarstillingar der mennene så langt har forsynt seg grovt.
I dag er det slik at mange ønskjer seg til byen og forstadane omkring. Og det valget kan dei ta. Men det er også mange som ønskjer seg til mindre busamfunn og ut i Distrikts-Norge. Men berre eit fåtal kan oppfylle det ønskjet. Og kven skal halde liv i dei mindre distriktssamfunna, medan dei unge er ute og gjer seg kloke og feite, som professor Reidar Almås ved Norsk senter for bygdeforsking har uttala det.
Det er viktig for distriktskommunane å søkje ut for å finne sin eigen identitet og sjå mulegheitene. Vi blir alle litt blinde av kvardagen vi går i.
Vågå har utfordra ulik kompetanse på å vere med å analysere kommune vår og tenkje nye grep. Nokre av dei kjenner kommunen frå oppvekst, slektskap, fritid og næringsinteresser. Men dei fleste har tatt utfordringa utifrå eiga interesse og vilje til å vere med å skape noko utanfor sitt daglege arbeidsrom. Dette er personar som sjølv tek grep og som gjev oss kunnskap og innsyn utifrå ei 24-timars tenkjing. Både utifrå eit buperspektiv, fritidsbehov og næringsutvikling.
Utfordringa er å kunne tenkje langsiktig. Ha tru på bygda, folka og framtida. Og tørre å sette spor som framtida kan hauste av.
Vi må sjølve gjere oss attraktive. Folk ønskjer å bu der det følast trygt og solid, og med folk følgjer næringsutviklinga.