Debatt
Bruk språket til å markere eigen identitet
Språket er den viktigaste reiskapen i samhandlinga mellom innbyggjarane og kommunen. Eit lokalt administrasjonsspråk som tør å leggje seg tett opp til talemålet, gjer at fleire vil finne att litt av seg sjølv og kjenne seg heime.
Språk er makt. Det er tittelen på ei av bøkene til Rolv Mikkel Blakar. Og tittelen er treffande i mange høve. Ikkje minst i samhandlinga mellom kommunen og innbyggjarane: For å bli forstått, for å gje motivasjon, entusiasme, skape debatt og engasjement. Alle har sine «stammespråk». Kommunane har lett for å gå seg fast i sitt eige «stammespråk» som over tid er utvikla gjennom regelverk, faginnspel og oppståtte formuleringar.
Språket er den viktigaste reiskapen i samhandlinga mellom innbyggjarane og kommunen. Dette tenkjer mange tilsette og politikarar rundt om i kommunane ofte ikkje over. Eit vanskeleg og innfløkt språk skapar forvirring, avstand, irritasjon og kan verke demotiverande. Ikkje alle spør avsendar om kva som er meint. Å spørje om noko ein ikkje forstår, er i seg sjølv eit nederlag for fleire. Derfor er det viktig at kommunane ser på sin eigen språkbruk. Ord som blir brukte, lengde og oppbygging av setningar.
Avstanden mellom språket i det offentlege og det språket som blir nytta i dei såkalla «sosiale media» som Twitter og Facebook, er stor. For ikkje å snakke om sms – telefonmeldingar. Eg meiner sjølvsagt ikkje at kommunetilsette og politikarar skal nytte sms-språket, men det er likevel viktig å ha litt meir fokus på dei enkle orda, dei enkle setningane og den lokale språkarven. Lokale ord og uttrykk har fått eit kolossalt oppsving etter at dei sosiale media oppstod.
Det er aldri lett å vere i mindretal – heller ikkje for ein kommune. I Norge har 114 kommunar gjort vedtak om å bruka nynorsk språk, 160 om bokmål medan 156 kommunar er språknøytrale. Administrasjonsspråket i kommunar som er språknøytrale av di dei har gått over frå nynorsk til nøytral, har ein tendens til å skli raskt over til bokmål, medan språket i skulen er nynorsk. Administrasjonsspråket i regionale samarbeidstiltak der deltakarkommunane har ulike språkvedtak, har lett for å få ei rask overvekt av bokmål. I fylke der det er flest kommunar med nøytrale språkvedtak / vedtak om bokmål som språkform, er det nynorske språket nesten fråverande. Her byggjer eg på erfaringane mine frå Oppland, der materiell og tilfang både frå fylkeskommunen, frå Fylkesmannen og andre statlege organ mest alltid er på bokmål.
Dette fortel noko om mangel på respekt for kommunar med anna språkvedtak. Men det fortel først og fremst om manglande fokus på språket som kommunikasjons- og samhandlingstiltak. Det dei fleste ikkje tenkjer over er at dei er med på å bryte mållova. Mållova gjeld rett nok ikkje for kommunane, men mållova regulerer kva målform statlege organ skal bruke i kontakt med kommunane.
Bokmål er meir tilgjengeleg enn nynorsk, også i nynorskkommunane. Enklare blir det ikkje når nynorske lærebøker og andre læremiddel svært ofte først blir tilgjengelege langt ut i skoleåret, og då gjerne i ei form som kan tyda på at læremidla er raskt og ikkje alltid like solid omsette frå bokmål.
Innvandrarar må i hovudsak lære seg bokmål – same kvar dei buset seg i landet. Dei flyttar uansett til ein by etter kvart, blir det ofte sagt. For meg blir dette heilt feil. I Vågå håpar vi innvandrarar kan sjå på Vågå som sin nye heimekommune, like mykje som dei som allereie bur her eller kjem flyttande frå andre kommunar i landet vårt. Dei er ein ressursgjennom seg sjøl, dei sit med kompetanse og engasjement og dei representerer verdfull arbeidskraft. Som kommune vil vi gjerne vere med på å gje dei tryggheit og livskvalitetar som gjer at Vågå blir ein opplagt framtidskommune og ikkje berre ein integreringskommune. At dei som kjem til Vågå, på lik linje med andre vagværar, finn livskvalitet, verdiar og får tatt i bruk kompetanse og engasjement. Og ikkje berre har Vågå som mellomkommune fram til dei flyttar vidare til ein bykommune.
Ein treng ikkje alltid kome frå ein framand språkkultur for å slite med det norske språket. Ein alt for stor del av dei som går gjennom det norske skulesystemet i dag kan for dårleg norsk når dei skal ut i arbeidslivet. Slikt kan sjølvsagt skape både sosiale vanskar og gå ut over tryggleiken på arbeidsplassen. Men dette er og eit demokratisk problem. Svært mykje av det tilfanget det norske folk les er produsert av kommunale etatar. Dersom kommunane ikkje har ei medviten haldning til språkleg kvalitet, vil dei svake språkbrukarane ikkje kunna forhalde seg til informasjon frå kommunen sin.
Kultur og språk er grunnlaget for identitet og kor ein høyrer heime. Men det er også grunnlag for tryggleik og handling. Tryggleik på å forstå og gjere seg forstått. At ein er med. Og med tryggleik følgjer handling.
Eit vanskeleg og/eller uklårt kommunespråk byggjer avstand og hindrar samhandling – same kva språkform ein brukar. Eg meiner eit lokalt administrasjonsspråk som tør å leggje seg tett opp til talemålet, gjer at fleire vil finne att litt av seg sjølv og kjenne seg heime. Omverda vil gjerne knyte forsterka verdiar til den som tør å markere sin eigen identitet, arv og særpreg gjennom bevisste språkhaldningar.
Språket har også noko med omdømet vårt å gjera. At vi tør å vere den vi er, at vi formidlar på ein måte som gjer at mottakaren oppfattar verdiar knytte til avsendaren.
Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) gjev dei over 100 medlemskommunane sine tilbod om språkkurs. Målsettinga er at kommunane skal utvikle eit språk som er lett å forstå, samstundes med at bodskapen kjem godt fram. Å ha fokus på språkbruken i eigen kommune bør vere noko alle kommunar set av tid til med tette mellomrom.
Det vil styrke samhandlinga mellom innbyggjarane og kommunane. For Rolv Mikkel Blakar har rett; «Språk er makt».