Debatt

Meldingar til barnevernet som ikkje er tilstrekkeleg vurdert opp mot opplysningsplikta i særlov, er ei utøving av mynde som er ei stor belastning for dei det gjeld, skriv Bjarte Gangeskar.
Meldingar til barnevernet som ikkje er tilstrekkeleg vurdert opp mot opplysningsplikta i særlov, er ei utøving av mynde som er ei stor belastning for dei det gjeld, skriv Bjarte Gangeskar.

Betre rettstryggleik med eit enkelt grep

Enkelte hevdar at det er betre at barnevernet får ei melding for mykje enn ei for lite. Dette er ikkje ein akseptabel standard for utøving av offentleg mynde.

Publisert Sist oppdatert

Det har over litt tid vore ein debatt om at det kjem mange meldingar til barnevernet som ikkje er tilstrekkeleg vurdert opp mot dei strenge vilkåra som gjeld for offentleg tilsette si meldeplikt. Mange har oppfatta denne plikta slik at det er tilstrekkeleg at ein har ei subjektiv bekymring for eit barn si utvikling eller åtferd.

Kommunikasjonen om kva reglar som gjeld, i beste fall er unyansert.

Når ein ser dette i samanheng med at eit svært stort tal saker som vert meldt til barnevernet ikkje fører til tiltak, er det grunn til å sjå nærare på den meldepraksisen som mange utøver.

Eg er ein av dei som har hevda at Bufdir må ta sin del av ansvaret for den praksisen som har utvikla seg. Dette fordi kommunikasjonen om kva reglar som gjeld, i beste fall er unyansert.

Meldingar som ikkje er tilstrekkeleg vurdert opp mot opplysningsplikta i særlov, tek mykje ressursar vekk frå barnevernet. Slik meldingar er ei utøving av mynde som er ei stor belastning for dei det gjeld, og som er med på å svekke tilliten til eit samla hjelpeapparatet.

Enkelte hevdar at det er betre å få ei melding for mykje enn ei for lite. Dette er ikkje ein akseptabel standard for utøving av offentleg mynde. Det må forventast at offentleg tilsette legg vekt på å følgje det lovverket ein skal forvalte.

Tilsvarande må ein kunne forvente at systema som blir brukt, legg til rette for at praksis vert følgt. Dette er ikkje tilfelle i dag. Kanskje snarare tvert i mot.

Bufdir har, i samarbeid med KS laga ein nasjonal portal for bekymringsmeldingar til barnevernet. Slik eg ser det, er skjemaet som offentleg meldar vert beden om å fylle ut, ikkje godt nok. Meldar vert berre beden om å svare på om partane er orientert om bekymringsmeldinga. Det vert ikkje spurt konkret om det er innhenta samtykke eller om dette er gitt.

Dersom melding vert gitt utan samtykke, bør det vere eit krav om at dette skal grunngivast opp mot det lovverket som meldar forvaltar, enten det gjeld helsepersonellova, opplæringslova eller andre særlover. Såpass må vi kunne forvente at offentleg tilsette klarer. Og gjer dei ikkje det, må vi ha system som legg opp til at dei faktisk vert utfordra på det.

To mindre konkretiseringar i dette skjemaet vil kunne vere eit viktig bidrag til å styrke rettstryggleiken til både foreldre og barn. I tillegg vil det auke tilliten til hjelpesystema og redusere unødig ressursbruk i barnevernet. Då er det vel berre å få det gjort?

Powered by Labrador CMS