Debatt

Alternativ opplæring for alle

I utdanningssamfunnet er det å ha gått i barnehage, fullført tiårig skule og etter kvart å ha eksamen frå vidaregåande blitt sjølvsagt. Di fleire som gjennomfører, di mindre spesielt blir det.

Paradokset er at alternativa for kvalifisering gradvis har vorte borte for dei som av ulike grunnar ikkje maktar, ikkje ønskjer eller ikkje forstår kor nødvendig formell utdanning er blitt. Det er for tida ikkje andre måtar for å bu seg for samfunns- og yrkesliv på, slik det var tidlegare. Då var det mogleg å gå ut i arbeid allereie i 15-årsalderen.

Med andre ord: Når barnehage og skule får gode kvalitetar for stadig fleire, får dei som barnehagen og skulen ikkje er fullgode for, større og større vanskar. Dei risikerer å bli marginaliserte og falle utanfor.

Når faren for marginalisering aukar, får det konsekvensar både for den det gjeld og for samfunnet. Alle har difor interesse av å hindre eller avgrense det mest mogleg. Ei løysing grip om seg, særleg i skulen. Det er å gje dei som er blitt eller held på å bli marginaliserte, spesiell og individuell merksemd.

Ei gruppe elevar merkjer seg ut og skaper store og til dels nye utfordringar. Det er dei skuleleie og lite motiverte elevane, dei som har mislukkast fagleg og som oppfører seg uakseptabelt og provoserande. Eit aukande tal kommunar lagar no alternative opplæringstilbod til denne gruppa elevar. Det finst små skuleavdelingar rundt om på gardsbruk, i nedlagde skular, i båtar og naust og på fabrikkar. Her blir det tilsett kule og kompetente lærarar som er i stand til å handskast med dei elevane som søkjer seg dit.

Opplegget i desse tilboda varierer, men det vanlege er kombinasjonar av ulike former for praktisk arbeid og undervisning, mest praktisk arbeid. Mange stader er søkinga langt større enn tilbodet. Elevane må difor vere «velkvalifiserte», skal dei få opptak.

Elevane sjølve og lærarane deira gir gode tilbakemeldingar om tiltaket. Dokumentasjonen er svak, men det blir sagt at elevane trivest betre, dei presterer godt fagleg, og dei fell meir til ro. Samstundes har dei klassane og gruppene der desse elevane gjekk tidlegare, blitt kvitt nokre tyngjande uromoment. Situasjonen er dermed vinn - vinn. Alle tener på ordninga.

Det er likevel grunnar til å stogge opp og spørje om dette berre er ei god utvikling. Dei alternative tilboda kan vere starten på ei ny bølgje med utskiljing i skulen, og med påfølgjande stigmatisering og framandgjering. Det er noko ein lenge har arbeidd mot. Vi har lagt ned dei statlege spesialskulane, og vi har slutta oss til Salamankadeklarasjonen, som set inkludering i skulen fram som eit ideal.

Dei alternative tilboda kan oppfattast som nye former for spesialskular. Difor stiller eg følgjande spørsmål: Kvifor er det ikkje mogleg å drive med dei alternative tilboda på den vanlege skulen? Kva er det som gjer at opplegga som appellerer til denne gruppa elevar ikkje kan gå føre seg i den vanlege skulebygningen?

Eg forstår at det til tider kan vere nødvendig at enkelte elevar er ute av klassen, men er det nødvendig å gøyme tilbodet bort i institusjonar langt frå jamaldringane? Eller er sjølve måten det vert arbeidd på slik at dei ville skape vanskar for skulen, om dei gjekk føre seg der?

Det burde vere eit rimeleg krav at det som går føre seg i dei alternative tilboda, like godt kunne gjerast innanfor den vanlege skulen. At så ikkje skjer har ein grunn, og han handlar om vilje og prioritering. Det finst interesser båe stader for å ha desse tilboda. Dei alternative ordningane er avhengige av at den vanlege skulen ikkje fungerer perfekt. Det er berre på det viset dei har tilgang på elevar. Motsett, den vanlege skulen tener på at det finst alternative tilbod som kan ta over utfordringar som ein der ikkje maktar eller ønskjer å handskast med. Til betre dei alternative tilboda fungerer, til meir vil den vanlege skulen bruke tilbodet.

Dersom dette får lov til å utvikle seg vidare, kan vi risikere at den vanlege skulen sine grenser for kva som skal til for å klare seg der, vertstrammare og strammare, og at det kan føre til straumar av elevar på veg til alternativa.

Dersom det er slik at dei alternative tilboda fungerer svært godt, kvifor får ikkje alle elevar del i måten det blir arbeidd på? Når nokre elevar profitterer på det, kvifor ikkje alle?

Ein kunne tenkje seg at ikkje berre nokre få utvalde skal få tilgang til eit variert skuleopplegg med høve til å gjere meiningsfylte praktiske ting under tilsyn av kule vaksne, slik det er i dei alternative tilboda. Det kunne førebygge marginaliseringa, det kunne auke trivselen og prestasjonane for alle, og redusere behovet for endå fleire alternative tilbod.

Skrevet av: Peder Haug

Powered by Labrador CMS