Nyheter

Vil kome vidare

Kjellaug Brekkhus (54), starta som rådmann i Balestrand 1. februar.

Publisert Sist oppdatert

– Kor mykje av arbeidsdagen din går med til rasrelaterte oppgåver?

– Det har vore ein del. Eg blei jo sett på ein realistisk prøve da eg kom hit. Vi hadde akkurat starta med rullering av beredskapsplanane da det skjedde ei tragisk ulukke. Ein liten kommune er sårbar, så samhandling er viktig. No jobbar vi med forbetringspunkt som informasjonsflyt. Det gjeld å vere enda betre rusta til nye hendingar. 

– Kvifor vil du vere rådmann?

– Da senteret vi hadde bygd opp på Voss rauk ut på anbud, ville eg gjere noko nytt. Eg har eit bredt samfunnsengasjement frå politisk virke og utallege styreverv innan bank, eigedom og bustadutvikling. Eg er oppteken av utvikling og nye utfordringar. Det er tid for å bruke livserfaring, og spesielt erfaringa frå både privat og offentleg verksemd kjem til sin rett som rådmann.

– Du var Sp-politikar i mange år i Voss. Korleis pregar det deg no?

– Eg er veldig løysingsorientert, for eg vil fram. Eg er ikkje så oppteken av parti, meir av å få til gode tenester. Dei siste fire åra har eg ikkje vore med i politikk.

– Får du betre kår for å påverke utviklinga no?

–  Det er berre ein anna vei å jobbe. Som politikar ergra eg meg over instruksjonar. No skal eg gje dem – og leggje til rette for politikarane.

– Kvifor satsa du ikkje på ei politisk karriere, du som har vore varaordførar og ordførarkandidat?

– Det er godt å prøve på den administrative sida og. Eg vil utøve. Eg trivst med å vere tilsett no. Eg er lei av å bli valgt. Eg skal ikkje promotere meg no, eg må ikkje vere i fokus.

– Korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar?

– Eg er open, kan skape god dialog, vere tydeleg og ta avgjersler så vi kjem vidare.

– Kor aktuelt er kommunesamanslåing for Balestrand?

– Det er eit politisk spørsmål som må kome, men enn så lenge er vi eigen kommune med kultur for samhandling. Vi har fleire samhandlingsprosjekt som eg ikkje har sett makan til. Det er dei fleste ting vi ikkje kan gjere åleine, til dømes barnevern.

 – Kva ville du sette på dagsordenen hvis du var redaktør for Kommunal Rapport?

– Samhandling på tvers og som alternativ til samanslåing.

– Hva gjer du på fritida?

– Eg les mykje, går i fjellet på ski og til fots og er glad i å fiske. 

– Kva for ei bok vil du rå andre til å lese?

– «Drageløperen» av Khaled Hosseini. Eg er oppteken av likeverd og kva som ligg bak kulturforståelsen. 

– Du får velje kven du vil ha med på en middag for to. Kven inviterer du?

– Systera mi. Ho er mykje yngre enn meg, men vi har så god kontakt.

Powered by Labrador CMS