Nyheter

Skiglad småkommuneentusiast

Svend Leif Einvik (47), starta som rådmann i Rødøy 3. januar.

Publisert Sist oppdatert

– Kvifor vil du vere rådmann?

– Det er ein spanande jobb i ein spanande kommune. Eg vil bidra til positiv utvikling. Men litt tilfeldig er det, for eg har aldri sprunge etter leiarjobbar. Eg var ikkje med i første runde. Det var nokon som oppfordra meg til å søkje. Det kjennes bra, men til tider overveldande. Det er mange ting å ta fatt i.

– Kommunen har innvilga deg tre års permisjon frå stillinga som oppvekstsjef. Kva er tidsperspektivet ditt på rådmannsstillinga?

– Det er ein mogleg retrett hvis eg skulle kjenne at dette ikkje var det rette.

– Du har vore tilsett i denne kommunen i 25 år og vore Ap-representant i kommunestyret ein periode. Kva er det viktigaste du kan bidra med?

– Eg kjenner tilhøva og tenkinga i kommunen. Kunnskap om kommunen er nyttig med tanke på kva som må til for å få ei positiv utvikling og eit godt tenestetilbod for innbyggjarane.

Kommunen har åtte skular og seks barnehagar. Kor lenge held den desentraliserte strukturen?

– Det er nettopp det som er det store spørsmålet – kor lenge vi kan drive på denne måten. Samtidig er det viktig for å halde busettinga oppe. Skuleskyss koster og. Ikkje minst reisetid for ungane, samt kryssing av opne havstrekk på skulevegen kan gjere nokon skeptisk til å bu her, om skulen vert lagt ned. Vi må vurdere kva som gir best balanse.

– Korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar?

– Eg liker å ha eit team rundt meg, eg er ikkje typisk solospelar.

– Kor aktuelt er samanslåing for Rødøy?

– Det har ikkje vore tema dei seinare år. Folk bur der dei bur. Det er viktig for oss å få til gode samarbeidsformer med nabokommunar, der vi kan profittere på samarbeid. Elles er dette eit politisk spørsmål.

– Kva ville du sette på dagsorden hvis du var redaktør i Kommunal Rapport?

– Eg er oppteken av dei små kommunane og dei spesielle tilhøva som rår her. Vi lever i eit land der mykje folk bur i grisgrendte strok.

– Kven vil du invitere på ein middag for to?

– Min fru.

– Kva gjer du på fritida?

– Det går i hyttebygging, i fjellet i Sverige. Eg er glad i å stå på ski, kor spesielt det enn kan høyrast for ein som er oppvaksen ved havet.

– Kva for ei bok vil du rå andre til å lese?

– Toril Brekkes trilogi om utvandringa til Amerika. Det er god underhaldning samtidig som det gir innblikk. Eg fekk han nett tilsendt frå den gamle lærarinna på barneskulen. 

– Kor mange var det i klassa di?

 – Vi var to elevar i klassa. Eg var den siste som gjekk på skulen på Gjessøya. Familien flytta inn til Rødøy da eg skulle på ungdomsskulen. No er det ikkje fastbuande att der.

Powered by Labrador CMS