Nyheter
Ny rådmann i Vindafjord
Kristian Birkeland (52) starta som rådmann i Vindafjord i januar.
- Det er store interne prosessar etter at Ølen og Vindafjord vart slått saman til nye Vindafjord kommune i 2006. Vi er i siste fase no. Vi skal få på plass leiarstruktur, og struktur på einingane. Vi har og ein stor prosess med den første kommuneplanen for nye Vindafjord, med sterk involvering av innbyggjarane.
- Kva er dei største utfordringane på kort sikt?
- Det er å dimensjonere tenestene opp mot økonomien. Dette er også etterdønning av samanslåingsprosessen.
- Netto driftsresultat er 0,8 prosent, ifølgje Kostra. Korleis ser du på kommunens økonomi framover?
- Me treng eit betre netto driftsresultat enn me har hatt no. Vi må gjenerobre handlefridommen. Vindafjord har vedteke innføring av eigedomsskatt, og det blir ei viktig inntektskjelde for oss.
- Vindafjord fekk millionar av krisepakka. Kor mykje er brukt så langt?
- Vi er i gang. Vi har fordelt midla til tiltak som er arbeidsintensive, til vedlikehald som gir miljøgevinst mellom anna. Kor mykje vi har brukt har eg ikkje tal på.
- Bygging av ein barnehage på leirgrunn er stoppa, og kommunen ventar på innstillinga di. Kva vil du gjere i denne saka?
- Ja, du skal ikkje bygge ditt hus på sand, og i alle fall ikkje på leire. Dette er ei sak eg har arva. Det var ikkje gjort grundige grunnundersøkingar før bygginga starta. No er det klart at det blir ei kostnadsauke på fundamentering for å kunne byggje barnehagen her. Eg skal arbeide med denne saka no, og det er ei krevjande sak. Det er eit fantastisk sterkt engasjement i bygdene her. Det betyr at det skjer mykje, men det betyr og at det er krevjande å turnere det når dei som vil ha omkamp om plassering av den nye barnehagen nyttar høvet til å markere synet sitt.
- Kva gler du deg mest over i den nye jobben?
- Det er noko med å få vere så sentral i å verke inn på utviklinga, det at innsatsen betyr noko. Rådmannsposisjonen er ein fantastisk posisjon. Det er trøkk og dynamikk rundt jobben og kvar dag er energigjevande.
- Kva slag leiar er du?
- Involverande. Eg kan skifte stil etter behov, men er heile tida medviten om at eg har stor kompetanse å spele på rundt meg. Det er viktig å bruke den optimalt, og eg prøver å gjere det.
- Korleis ønskar du å bli hugsa som rådmann?
- He, he, eg har ikkje hatt tid til å tenkje på det. Trur heller eg vil seie korleis eg vil vere; ein som evnar å få fram potensialet i organisasjonen. Eg har sjølvsagt eit ønske om at Vindafjord skal lukkast som ein sentral kommune på indre Haugalandet.
- Hvis du blei redaktør for eit nummer av Kommunal Rapport. Kva ville du prioritere?
- To ting: Omdøme er det første. Eg ville sett fokus på kor viktig samspel mellom politikk og administrasjon er i høve til omdøme. Mange har omdømelekkasje som dei kan til sjølv på grunn av dårleg samhandling mellom politikk og administrasjon.
Det andre eg ville prioritert var samanhengen mellom kvalitet på kommunetenestene, jobbtrivsel og omdøme.
- Kva er favorittnettstadane dine?
- Eg googlar mykje, hentar idear frå andre kommunar.
- Kva gjer du på fritida?
- Eg har ikkje så mykje fritid, men når eg ser utover fjorden, ser eg fram til seglsesongen.
- Du får velje kven du vil ha med på ein middag for to. Kven vel du?
- Sambuaren min. Det hadde vore fint med ein kvardagsmiddag for to. Men hvis eg skulle orientere meg mot fag, ville eg velje redaktøren i Kommunal Rapport.
- Kva for ei bok vil du anbefale? Og kvifor?
- I staden for å be travle rådmenn kaste seg på store romanar som dei ikkje kjem gjennom, vil eg heller peike på noveller og dikt. Eit dikt har ein alltid tid til. Eg vil løfte fram Ingvar Moe frå nabokommunen vår. Han har mange gode dikt for ein rådmann.
- Til hausten kjem kronprinsparet til Vindafjord. Kva betyr det for deg?
- Det blir jo flott. Det set vi pris på. Vi skal få meir informasjon, førebels veit vi at det blir tre timar. Vi ønsker sjølvsagt å vise fram kommunen og profilere at det er ein bra stad å bu. Det er klart at ein viss vekst er eit suksesskriterium.