Nyheter
Ny rådmann i Ulstein
Einar Vik Arset (33), starta som rådmann i Ulstein 15. februar.
– Hareid og Ulstein vil ha utgreiing om kommunesamanslåing. Kvifor går din kommune for samanslåing?
– Eg er tilhengar av å slå kreftene saman på Søre Sunnmøre. Eg er oppteken av framdrift, men det skjer ei overdemokratisering i slike prosessar, som lammar progresjonen. I staden får vi mangehoda troll som interkommunalt samarbeid og interkommunale bedrifter. Eg skulle gjerne sett ein annan konstellasjon.
– Kor realistisk vurderer du at samanslåing er for din kommune?
– Innbyggjarane synest dette er overmodent, trur eg. Det må vere mogleg å finne modellar med lokale komitear som forvaltar t.d. dei arealmessige prioriteringane som folk er mest opptekne av. Vi må styrke konkurransekrafta vår i høve til Austlandet, Bergen og Trondheim til dømes. Då kan vi ikkje dille med små motsetnader lokalt.
– Du starta som rådmann i Vanylven som 29-åring. Kva var mest annleis da du no som 33-åring tok fatt på den andre rådmannsstillinga di?
– Erfaringsgrunnlaget og dermed evna til å ta gode avgjersler på tynnare grunnlag. Det er lettere å gjere dei rette tinga no. Eg vågar meir innan strategisk leiing.
– Korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar?
– Eg prøver å vere nær, open, men nokså direkte og klar. Det er ei forventning eg også har til leiarane våre.
– Ulstein er blant dei kommunane som taper mest i kroner for kvar innbyggjar på at barnehagetilskotet no vert innlemma i rammetilskotet. Kva får dette å seie for Ulstein?
– Eg er pragmatisk i høve til endring i rammevilkår. Vi må berre finne nye løysingar. Men vi vil merke at det vert strammare, for vi har ein ekspansiv periode bak oss. Det ligg an til innsparing på drift. Vi er mellom anna særs varsam med å tilsette i ledige stillingar no.
– Kva er den aller største utfordringa for Ulstein?
– Ei flott utfordring er folketalsutviklinga. Vi må kjøpe grunn og legge til rette for bustadbygging og infrastruktur.
– Om du vart redaktør for ei utgåve av Kommunal Rapport, kva ville du prioritere?
– Eg ville skrive om offentleg fordelingspolitikk mellom forvaltningsnivåa. Ta til dømes barnevernet.
– I kor stor grad brukar du sosiale medier?
– Eg bruker Facebook og LinkedIn til å halde kontakt med folk, men ikkje dagleg. Eg har brukt sosiale medier i rekrutteringsøyemed.
– Kva for ei bok vil du rå andre til å lese? Og kvifor?
– «Vindens skygge» av den spanske forfattaren Carlos Ruiz Zafón, ein spenningsroman som handlar om ein liten gut og ei forbudt bok. Skjønlitteratur er ein fin måte å koble hjernen heilt av på.
– Kva gjer du elles på fritida?
– Som småbarnspappa er eg gjerne ute på tur med beremeis.
– Du får velje kven du vil ha med på ein middag for to. Kven vil du helst ta med deg?
– Det måtte bli ein internasjonal kapasitet. Eg har stor sans for folk med Jan Egeland sitt engasjement for internasjonalt humanitært arbeid. Den oppriktige trua på det gode i menneska, er viktig å prøve å adoptere.