Nyheter
Ny rådmann i Tokke
Therese Hauger (48), startet som rådmann i Tokke 1. oktober.
– Du kjem frå Ålvik i Hardanger, men du likar deg godt i Vest-Telemark?
– Ja, eg har eit langvarig forhold til Telemark. Som fritidsinnbyggjar i Tokke i ti år, er eg blitt godt kjent med kommunen.
– Korleis er overgangen frå kultursektoren og utdanningssektoren til å være rådmann og favne mykje breiare?
– Veldig stor. Eg har jobba meg fagleg leiing, verksemdsleiing og utvikling, men det er klart dette er styring på ein anna måte enn eg har vore borti før. Eg syns det kommunale nivået er råspanande fordi det favnar så vidt.
– Kvifor vil du vere rådmann?
– På grunn av leiarutfordringa. Eg håpar eg er rett person i Tokke – no. Leiarar har også datostempling.
– Du vart lova mykje arbeid då du fekk jobben. Kva er den største utfordringa for Tokke?
– Å arbeide med samanhengen mellom kostnader og kvalitet på tenester, så vi ligg på eit optimalt nivå. Det er omstilling frå veldig sterk til litt mindre sterk økonomi. Omstillinga kjem til å opplevast som hard frå innbyggjarsida, frå dei som jobbar i kommunen og i det politiske sjiktet. Vi har ein desentral struktur og eit høgt nivå på tenestene. Det er kostbart.
– Kva er din medisin her?
– Innforståtte sanningar må vi alltid sjå nærare på, for eksempel: Er det effektivisering å gå frå små til store einingar i alle høve? Ein kan ikkje berre ha gode intensjonar, ein må sjå på effekten av arbeidet. Eg trur på å måle det vi gjer både kvalitativt og kvantitativt.
– Korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar?
– Eg er direkte, krevjande, oppteken av trivsel og at vi leverer i kvardagen.
– Hvis du blei redaktør for eit nummer av Kommunal Rapport, kva ville du prioritere?
– Den utfordringa det er å leie små kommuner, der det er stilt samme kompetansekrav som til store. Struktur for rapportering og instrument for måling er viktige, men vi må få ta dei i bruk i takt med dei musklene kvar kommune har. Eg snakker om lovforvaltning og praksis.
– Kva er favorittnettstadane dine?
– Eg hentar informasjon og nyhende på nett. Og eg liker finn.no. Eigedom er spanande fordi det handlar om identitet og marknadskrefter i samspel.
– Så surfing på finn.no er noko av det du gjer på fritida?
– Nei, det med fritid er ei nøtt. Eg er ein kulturforbrukar, og eg likar å holde meg i form. Eg er glad i danse.
– Som kulturforbrukar les du vel ein del. Kva for ei bok vil du anbefale? Og kvifor?
– «Vi, de druknede», ein roman av den danske forfattaren Carsten Jensen. Det er ei fantastisk forteljing om samfunn i endring over tid. Han fortel om enkeltindividets historie kopla til lokalsamfunn i endring og store samfunnsskifter politisk.
– Du får velje kven duvil ha med på ein middag for to. Kven vel du?
– Carsten Jensen. Han har skrive om eigen gjenkjenning i andres kultur. Eg er fascinert av prosjektet hans.