Nyheter
Ny rådmann i Stordal
Torbjørn Emblem (44) starta som rådmann i Stordal 1. september.
– Du er tilbake i jobb i Stordal kommune, men flytte dit privat vil du ikkje?
– Eg trur det kan være greit at eg bur utanfor. Både nærleik og avstand er naudsynt, både for rådmann og innbyggjarar. Spesielt i ein så liten kommune trur eg dette er ei god løysing.
–Kvifor vil du vere rådmann?
– Det er kombinasjonen av at eg vart oppfordra til å søkje og at det er mykje spanende som skjer i kommunal sektor og på det interkommunale området. Eg får vere med på å styre utviklinga i ”lille Stordal” og utviklinga i regionen.
– Kor aktuelt er kommunesamanslåing for Stordal?
– Det vert heilt sikkert fleire samarbeid. Og når samarbeid når ei viss høyde, er vi ikkje fremmed for å sjå på samanslåing, men det er ikkje tema i dag. Det er viktig å sjå til at samarbeida er kost/nytteeffektive.
–Stordal kommune har sine utfordringer. Kva er den største sett med rådmannsauge?
– Inntektssystemet for småkommuner. Lille Stordal har veldig gode basistjenester i dag. Vi hadde det beste avgangskullet i landet frå grunnskulen i fjor, vi har godt helsetilbod og vi har ikkje hatt driftsmessig underskot siden 1991, men framover vert inntektssystemet avgjerande. Vi er ein hyttekommune med stadig fleire hytter enn fastbuande husstander.
– Kva er din medisin for å holde både folketal og skatteinntektene oppe?
– Fortsatt ha kontroll på økonomien uavhengig av inntekt. Eg vil tilretteleggje på næringssida – vi er jo ein stor møbelkommune. Det vil venteleg auke bosettingen i kombinasjon med ein auka fritidsmarknad.
– Korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar?
– Omgjengeleg, rimeleg strukturert, klar og tydeleg i dialog med tilsette og politikarar.
– Korleis er tilhøvet ditt til kommunepolitikarane?
– Veldig bra. Det er både fordi eg har ei forhistorie i kommunen og at eg no var sterkt ønska tilbake. Samhandling mellom administrasjon og det politiske nivå er sjølvsagt viktig for kommunen, og for rådmannen spesielt.
– Hvis du blei redaktør for eit nummer av Kommunal Rapport. Kva ville du prioritere?
– Eg ville tatt fram ein del gode praktiske tiltak eller samarbeid som er gjennomført og evaluert. Det kan vere mangelvare det med evaluering, men det er alltid nyttig å lese om slike døme.
– Kva er favorittnettstadane dine?
– Aviser; smp.no
– Kva gjer du på fritida?
– Det blir hus og hytte, litt fritidsfiske i fjorden, ski på vinteren og andre familieaktiviteter.
– Du får velje kven du vil ha med på ein middag for to. Kven vel du?
– Det er mange ein kunne valgt. Eg kunne tenkt meg ein samtale med for eksempel Karsten Isaksen. Det måtte vere ein med personlegdom og utstråling som hans type.
– Kva for ei bok vil du oppfordre andre til å lese? Og kvifor?
– Trygve Gulbranssen har ei god samling: ”Og bakom synger skogene”, ”Ingen vei går utenom” og ”Det blåser fra dauingfjell”. Dei fortell ein del om livet i gamle tider i bygd og by. Det er nyttig å ha med seg.