Nyheter
Ny rådmann i Solund
Erik Askeland (50), starta som rådmann i Solund 10. mai
– Kvifor vil du vere rådmann?
– Kommune er eit nytt område for meg, og det er ein allsidig og spennande jobb. Eg får innsyn i kommunane sine utfordringar og kan påverke avgjersler og prosessar.
– Korleis er overgangen frå ein bransje som driv med fargar og måling?
– Overgangen frå det private er merkbar. Størst forskjell er det på sakshandsaminga, med den politiske delen i kommunen.
– Korleis er erfaringa med det politiske miljøet så langt?
– Eg har vore i eitt formannskapsmøte. Utgangspunktet er bra.
– Kvifor akkurat vesle og øyrike Solund, den vestlegaste kommunen i landet?
– Det er eit stort sprang frå Göteborg, der vi flyttar frå. Men vi har snakka i fleire år om flytte tilbake til Vestlandet. Det blei til slutt eit verdival, kombinert med jobbutfordringar.
– Korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar?
– Ha ha, ja, eg er ein resultatorientert og målmedviten person. Flink til å lytte. Eg prøver å vere inkluderande. Eg legg vekt på delegering, og eg har fått høyre at eg har diplomatiske og empatiske evner.
–Kva er den største utfordringa for Solund no?
– Å leggje til rette infrastruktur for nyetablering av arbeidsplassar og vekst i folketalet. Og sjølvsagt få samsvar mellom økonomiske rammer og tenester. Vi må sjå på drifta, vi og.
– Kor aktuelt er samanslåing for din kommune?
– Så vidt eg veit, så er det ikkje på dagsordenen, men vi har eit godt etablert interkommunalt samarbeid.
– Om du blei redaktør for ei utgåve av Kommunal Rapport, kva ville du prioritere?
– Å synleggjere dei utfordringane som mindre utkantkommunar står over for. Det handlar til dømes om kommunikasjon på alle vis, frå IT til vegar og sjøtrafikk, samt å knytte til seg faglært personale.
– I kor stor grad nyttar du sosiale media?
– For å vere ærleg, så er eg verken på Facebook eller Twitter. Men resten av familien er aktiv.
– Kva gjer du på fritida?
– Vi har hytte på fjellet, på Hardangervidda, så der er det mykje turgåing. Sjøliv blir det sikkert meir av no når vi skal bu her på Vestlandet. Vi skal kjøpe båt.
– Kva for ei bok kan du rå lesarane av denne spalta til å lese?
– Eg er ikkje av dei som les mest, men har nett lese krim av Nesbø. Det er bra.
– Kven vil du invitere med på ein middag for to?
– Kona.