Nyheter

Ny rådmann i Sauda

Alan G. Thompson (59), starta som rådmann i Sauda 1. juli.

Publisert Sist oppdatert

– Kvifor vil du vere rådmann?

– Eg kjenner organisasjonen godt, og vil utvikle han – gjere han meir moderne for å møte utfordringane til beste for innbyggjarane. Eg vil ha fokus på tenester, kvalitet og effektiv ressursbruk. Eg ynskjer å utvikle plandokument, styringssystem og måleindikatorar. Potensialet er stort. Vi er godt i gang med eit tilpasningsprosjekt. Det handlar om økonomi, leiing, arbeidsprosessar og samhandling.

– Kor aktuelt er samanslåing for Sauda?

– Ryfylke IKS skal engasjere Telemarksforsking no, for å sjå på struktur. Da må vi vurdere fordelar og ulemper. Enn så lenge skal vi vere initiativtakar til interkommunalt samarbeid. Det står høgt. For eigen del vil eg framheve at Suldal er ein god og nær nabo. Det er og ein kraftkommune. 

– Kva er den største utfordringa for deg og Sauda no?

– Vi er den einaste kommunen i Rogaland med nedgang i folketalet. Det gjeld å snu utviklinga.

– Korleis vil du leggje an dette arbeidet?

– Vi må spele på dei kreftene som fins. Samarbeid blir viktig for å få til prosessar som radikalt gjer noko med omstillingsevna vår. Vi må få inn kompetanse. Bygge omdømme. Politikarane er med.

– Anbodsreglane blei gløymt, måtte du nett beklage i lokalavisa. Det gjekk vel litt for fort med den aktuelle vegutbetringa?

– Ja, det er mykje jus og byråkrati med hensyn til innkjøp. Men proporsjonane blei ikkje rette her. Vi manglar teknisk sjef og erstattar etter meg som kommunalsjef. Innkjøp er risky business. Alt må vere strømlinjeforma, vi må bli betre på rutiner. Men ærleg talt: Krigsoverskrifter på ei ikkje for stor sak! 

– Hvis du blei redaktør for ei utgåve av Kommunal Rapport, kva ville du prioritere?

– Eg ville skrive om potensialet som ligg der ute for samhandling. Eg ville ha løfta fram gode døme, modellar, løysingar.

– Korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar?

– Eg er lyttande, forståelsesfull og tålmodig, men og utålmodig etter å få resultat. Eg vil så gjerne få utvikla tenestene og få til endring der det trengs. Eg spelar på medarbeidarane og dei tillitsvalde, er samlande, set krav og kan strekkje meg langt, for eg vil ha det beste ut. 

– Kva gjer du på fritida?

– Eg er veldig opptatt av barnebarna. Eg har hytte, spelar fotball ein gong i veka, likar å reise – eg er halvt engelsk og har mykje familie utanfor landets grenser. Men eg har ikkje så mykje tid. 

– Kva for ei bok vil du rå andre til å lese? Og kvifor?

– Dag Solstad generelt. Om klassekampen, velstandsutviklinga og motkreftene. Det er ein levande måte å fortelje historie og politikk på. Det er lettlest og underhaldande.

– Kven vil du invitere på ein middag for to?

– Nelson Mandela. Den kondisen han har vist i kampen for få ned apartheid, er imponerande. Det han står for er som Gandhi nummer to. 

Powered by Labrador CMS