Nyheter
Ny rådmann i Ørsta
Jan Petter Eide (52) starta som rådmann i Ørsta 1. mars.
- Kva driv du med no?
- Vi står framfor ein vår der vi må konsolidere økonomien.
- Netto driftsresultat er -5,6 prosent, ifølgje Kostra. Kva er dei største utfordringane på kort sikt?
- Å få kontroll på økonomien. Vi veit kva vi må gjere. Vi driv for dyrt. Anten må vi auke inntektene eller så må vi trimme kostnadar over tid. Det er ikkje aktuelt å skjere ned på årsverk, men vi må vere tilbakehaldne med å erstatte dei som går ut.
- Det mangla berre tre røyster på at du no fekk i oppgåve av kommunestyret å sondere samanslåing med Volda. Korleis ser du på ei samanslåing?
- (Latter)
Du ler. Kva er orsaka til det?
- Ørsta og Volda er to naboar som er avhengige av kvarandre, samstundes er kommunane kjend som hund og katt. Dette er ein kompakt region, der nye veisamband reduserer avstandane. Eg trur vi vil sjå meir tydeliggjort interkommunalt samarbeid, sågar samanslåing kan vere aktuelt ein gong. Omsynet til rekruttering kan til dømes vere eit argument. Eg veit det ville blitt arbeidsamt å skulle gjere ei slik utgreiing, men eg ville tort å nærme meg det. Ein slik prosess vil krevje store ressursar, og ein bør absolutt snakke med nabokomunen før ein eventuelt startar på noko slikt. Som rådmann vil eg uansett måtte etterkomme politikarane sine ynskjer.
- Sunnmørsposten skriv om revisorkritikk av deg som rådmann i Haram. Korleis er det å ha det med seg inn i ny jobb?
- Her er det eit spørsmål om journalisten framstiller tilhøva riktig. Eg er stort sett glad for å bli fulgt opp av revisjonen. Det gjer det ikkje vanskeleg i ny jobb. Når ein har ein stor finansformue som Haram har, er det naturleg at revisjonen vil inn på kommunen sitt basale finansreglement.
- Kva gler du deg mest over i den nye jobben?
- Ørsta er ein praktfull kommune frå naturen si side. Eg gler meg og over kor aktivt dette samfunnet er. Ressursane er til stades.
- Kva slag leiar er du?
- Eg trur eg er synleg og romsleg. Eg har eit mål om at eg skal bety noko for nokon. Eg er uredd og jovial.
- Korleis ynskjer du å bli hugsa som rådmann?
- Som ein som kunne utøve ei aktiv rolle, med utviklingsperspektivet inne.
- Hvis du blei redaktør for eit nummer av Kommunal Rapport. Kva ville du prioritere?
- Eg er veldig opptatt av kommunen si samfunnsrolle. Korleis samarbeider kommunen med til dømes næringsliv og organisasjonar, korleis byggjer dei nettverk for å agere som ein samfunnsinstitusjon. Kva gjer kommunane for å framstå som attraktive.
- Kva er favorittnettstadane dine?
- Avisene, både riksdekkande og lokale.
- Kva gjer du på fritida?
- Altfor lite. Eg prøver å gå tur og ha kontakt med barna.
- Du får velje kven du vil ha med på ein middag for to. Kven vel du?
- Min medstudent fra MPA-studiet (Master of Public Administration).
- Kva for ei bok vil du anbefale? Og kvifor?
Sidfried Lenz: «Tysktimen». Ho gjorde sterkt inntrykk. Ho handlar om den frie vilje og pliktens glede.