Nyheter

Ny rådmann i Nissedal

Sverre Sæter (43), starta som rådmann Nissedal 1. april.

Publisert Sist oppdatert

- Nissedal søkte etter rådkvinne - og fekk deg. Korleis går det?

- Det er typisk Nissedal. Dei er utradisjonelle. Dei får fram ting dei meiner på ein god måte. Eg likar meg godt her.

- Kvifor vil du vere rådmann?

- Med Nav-reforma nærma etaten min seg kommunal sektor. Slik blei eg meir kjent med kommunen. Her kan godt arbeid påverke folks liv. Det er flott å vere ein del av lokaldemokratiet. Eg likar å jobbe så bredt som ein rådmann i ein kommune med nesten 1.400 innbyggjarar gjer.

- Kva er den største utfordringa i den nye jobben?

- Eg legg stort press på meg sjølv for å komme inn i alle saker. Eg føler på at dei som har fått ein ny rådmann, lurer på om han står til forventningane. Det er som når ein hobbysnekkar skal lage kjøkken.

- Regnskapet for 2008 viser negativt netto driftsresultat (minus 688.365 kroner). Korleis ser du på dette utgangspunktet?

- Nissedal har ein sunn økonomi. Det er god økonomistyring. Vi har ei edrueleg haldning til risiko. Vi hadde regulering av økonomireglementet i går. Vi gjer det kvart år.

- Men innbyggjarane er vel redde for kva som skjer med tenestene?

- Det ligg ikkje an til nedsabling av tenestetilbodet.

- Kva er godt arbeidsmiljø for deg?

- Det er avgjerande at kvar og ein er opne og at dei folkevalgte er tilgjengelege og kan kommunisere på eit profesjonelt nivå. Administrasjonen må kunne oppfatte signal frå det politiske miljø.

- Nissedal fekk ein dramatisk dom over arbeidsmiljøet i kommunen i fjor. Heile seks pålegg ga Arbeidstilsynet. Korleis vil du karakterisere arbeidsmiljøet no?

- Eg får signal om at dei som jobbar i einingane ikkje merkar dei store endringane. Vi må ta på alvor at vi ikkje er i mål. Sjukefråværet har faktisk auka frå 7 til 9 prosent i første kvartal. Men om vi snakkast om eit halvår, så håper eg at tala er betre.

- Kva slag leiar er du?

- Min filosofi er å vere ein inkluderande leiar. Eg er ein klok leiar, utan trong til å framheve meg sjølv. Eg vil heller trekke fram andre ved godt arbeid.

- Om du blei redaktør for ei utgåve av Kommunal Rapport, kva ville du prioritere?

- Det er først etter at eg blei rådmann eg har lese avisa. Eg er glad ho kjem så ofte som ho gjer. Eg føler alltid at eg finn noko eg har nytte av i jobben her. Eg tek ho meg heim, og.

- Kva er favorittnettstadane dine?

- Nissedal si heimeside. Vi er i ferd med å gjere ein god jobb der.

- Hva for ei bok vil du anbefale?

- Eg les Hamsun om att og om att. Bøkene i det seinere forfatterskap har eit språk du ikkje finn andre stader. Det er som ein malstrøm. Det er synd vi ikkje berre kan sjå han som ein brilliant forfattar.

- Du får velje kven du vil ha med på ein middag for to. Kven vil du invitere?

- Går det an å gjere det i drømme - at den du inviterer diverre er daud? For tenk hvis eg kunne få møte Johann Sebastian Bach! Når eg har hovudet fullt av rapportar og anna, er det ikkje noko meir avslappande enn pasjonane til Bach.

Powered by Labrador CMS