Nyheter

Ny rådmann i Jølster

Ingvild Hjelmtveit (42), starta som rådmann i Jølster 1. januar.

Publisert Sist oppdatert

– Kvifor vil du vere rådmann?

– Eg har sagt at eg ville bli rådmann sidan eg gjekk på ungdomsskulen. Det såg ut som ei spanande stilling, kan hende fordi ingen andre tenkte likt den gongen. 

– Du skiftar frå ein litt større kommune til lille Jølster. Hva er den største forskjellen?

– Eg er forundra over kor ulik to organisasjonar med dei same oppgåvene  – og med sunnfjordingar som arbeidskraft – kan bli. I Førde var det ikkje så mange som brydde seg, berre dei fekk tenestene sine. Folk føler meir ansvar for kvarandre i ein liten kommune, der det er meir gjennomsiktig.

– Men du vil bu i Førde?

– I ein slik posisjon som eg har no, trur eg det kan vere fint å ha fri når ein har fri, for å seie det sånn.

–  Kva er den største utfordringa for Jølster?

– Å ha gode nok tenester når økonomien er trang og å ha tilstrekkeleg med næringsareal når kommunen har mykje dyrka mark.

– Kva er din medisin for å lukkast?

– Det er ikkje så mange fasitsvar, men god styring med at tenestene er i takt med behovet er viktig. Å ha orden i buet sitt, er naudsynt. Vi har overskot andre året på råd no, og kom ut av Robek i 2009. No gjeld det å forstå at vi framleis må kjøre stramt. Det er greit nok, så lenge folk får det kommunen har plikt til å gje.

– Kor aktuelt er samanslåing for Jølster?

– Det kjem an på dei statlege rammevilkåra. Spørsmålet har vore utforska og stemt over. Resultatet vart negativt. Vi satsar på interkommunalt samarbeid. Vi har gode tradisjonar for det.

– Korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar?

– Open, raus, omgjengeleg, eg forventar at folk leverer når dei skal, eg gjev folk tillit dersom dei viser seg tilliten verdig. Eg har alltid open dør, og folk seier eg er blid. 

– Dersom du blei redaktør for eit nummer av Kommunal Rapport, kva ville du prioritere?

– Debatten om sjukefråvær. 

– Kva gjer du på fritida?

– Eg har hjortejakt og fisking som hobby. Eg syr litt, og så er eg glad i å lese.

– Kva for ei bok vil du anbefale? Og kvifor?

– “Balanse”. Det er ei sjølvhjelpsbok. Den handlar om å ta ansvar sjølv. For dersom du ikkje seier ifrå, kan ingen gjette seg til det du tenkjer.

– Du får velje kven du vil ha med på ein middag for to. Kven vel du?

– Ebba Wergeland, medisinar og arbeidslivsforskar, som ga eit interessant foredrag om sjukefråvær på KS sin strategikonferanse nyleg. Ho førte nye perspektiv til debatten.

Powered by Labrador CMS